Målgruppe
Brukarar i alle aldrar over 18 år.
Formål med tenesta
Psykisk helse er ein del av helsetenesta i Bømlo kommune og rettar seg mot menneske med ulike psykiske problem og menneske i livskrise.
Tenesta gjeld
Psykisk helse gir tenester i heile kommunen, men har kontor for tilsette, administrasjon og dagtilbodet ved Nyving på Svortland.
Psykisk helse kan tilby:
- Individuelle hjelpetiltak gjennom støttesamtalar og treningsopplegg
- Dagtilbod
Tenestestandard for pleie- og omsorgstenester
Målet med tenesta er:
- Å hjelpa den enkelte til større innsikt i eigen situasjon
- Hjelp/støtte til å meistra dagleglivet
- Tilbod om sosial trening
- Samarbeid med andre aktuelle instansar som t.d. lege og NAV
- Aktivisering i grupper
Har du behov for ein Individuell plan?
Kva er kravet for å motta tenesta
Lovgrunnlaget for tenestene er Kommunehelsetenestelova og Forvaltningslova. Alle som får vedtak om hjelp frå Psykisk helse får dette skriftleg og tidsavgrensa.
Tenestene som er gitt etter Kommunehelsetenestelova er gratis.
Korleis søkja tenesta
Send inn:
Søknadsskjema Helse- og sosialtenester
Vedlegg til søknad om Helse- og sosialtenester
Klikk Innsending av søknad for å sjå kor søknaden skal sendast.
Bømlo kommune har felles søknadskjema for tenester innan helse og sosial. Skjemaet finn du ved å klikka på lenka ovanfor eller ved å venda deg til:
- Psykisk helse
- Lege
- NAV Bømlo
- Bedriftshelsetenesta
Du kan få hjelp til å fylla ut skjemaet.
Etter Forvaltningslova § 28 har du rett til å klaga på vedtaket. Klagefristen er 3 veker etter at melding om vedtaket er motteke. Eventuell klage skal sendast den eininga som har gjort vedtaket. Tilsette i Psykisk helse kan gje råd og rettleiing i å setja fram klage.
Klage- og innsynsrett
Kontaktinformasjon:
Psykisk helse i Bømlo kommune
5430 Bremnes
Tlf: 53 42 33 95