Råd og rettleiing frå sosialtenesta, tenesteomtale

Målgruppe 
Alle innbyggjarar.   
 
Formål med tenesta 
Gje hjelp til å løysa eller førebyggja sosiale problem gjennom opplysning, råd og rettleiing. Kan ikkje sosialtenesta gje slik hjelp, skal ein så langt råd er syta for at andre gjer det. 
 
Tenesta gjeld
NAV-kontoret har ei viktig oppgåve med å gje råd og rettleiing når du står framfor eit sosialt problem. Dette kan t.d. vera knytt til samlivsvanskar, bustadproblem, funksjonshemming, rusmisbruk, økonomiske vanskar osb. Mange vanskar kan løysast eller avhjelpast gjennom råd og rettleiing eller ved det å gjera seg nytte av ulike støtte- og hjelpeordningar. Dei tilsette ved NAV-kontoret har brei innsikt i ulike ordningar som både kommune, fylkeskommune, stat og andre administrerer.
 
Les meir om NAV Bømlo...  
 
Kva er kravet for å motta tenesta 
NAV-kontoret si plikt til å gje opplysning, råd og rettleiing går fram av Sosialtenestelova si § 4-1. For å kunna gje råd og rettleiing er det viktig at du gjev nødvendig informasjon om bakgrunnen for problemet ditt. Dei tilsette ved kontoret har teieplikt, og du kan gjerne drøfta vanskane anonymt.  Når du berre får råd og rettleiing vert dette ikkje registrert i kommunen sine arkiv eller datasystem.
 
Kva gjer kommunen 
Ta kontakt med NAV sitt Kundesenter på tlf. 55 55 33 33 og bestill time hos saksbehandlar.  Fortell kort kva saka gjeld, slik at du får time hos den som best kan hjelpa deg.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 16.06.2011
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no