Sosialhjelp, økonomisk stønad, tenesteomtale

Målgruppe 
Alle innbyggjarar over 18 år som ikkje har nok midlar til å sikra livsopphaldet sitt. Ungdom under 18 år, der foreldra ikkje kan/vil forsørgja dei. 
 
Formål med tenesta 
Gje økonomisk støtte dersom du ikkje kan sørgja for livsopphaldet ditt gjennom arbeid eller ved å gjera bruk av økonomiske rettar (pensjon, trygd, bustøtte m.v.).   
 
Tenesta gjeld 
Retten til sosialhjelp er heimla i Sosialtenestelova kapittel 5.  Lova skal sikra at alle innbyggjarar som kjem i ein situasjon der dei ikkje har nok inntekt til livsopphaldet sitt (mat, klær, lege/medisin, straum, buutgifter m.v.) får økonomisk sosialhjelp. Er vilkåra tilstades for slik hjelp, har du krav på hjelpa. Sjølv om vilkåra ikkje er tilstades, t.d. dersom det er tale om rekningar, kan du i særlege tilfelle likevel få hjelp. NAV-kontoret kan orientera deg nærare om dette.

Har du behov for ein Individuell plan?          

Les meir om NAV Bømlo...  

Kva er kravet for å motta tenesta 
Søknaden må setjast fram på eige søknadsskjema. Du kan og setja fram søknaden munnleg, og få hjelp med å fylla ut søknadsskjemaet. For å kunna behandla søknaden treng NAV-kontoret opplysning om all inntekt du og eventuell ektefelle/barn har.  Dette gjeld både arbeidsinntekt, trygd, pensjon, bustøtte, bidrag m.v. Vidare treng me opplysningar om eventuelle sparemidlar, arv eller liknande som du har eller ventar å få, og kva anna formue og gjeld du har. Inntekt, buutgifter og andre utgifter du ønskjer NAV-kontoret skal ta omsyn til må dokumenterast ved kopi av lønsslipp, leigekontrakt m.v. Det er du som avgjer kva du ønskjer å søkja om hjelp til. 
 
Kva gjer kommunen 
Ta kontakt med NAV sitt Kundesenter på tlf. 55 55 33 33 og diskuter med rettleiar. Til vanleg må du rekna med 1-2 vekers ventetid. Om du ser at du innan kortare tid treng hjelp til livsopphald, er det viktig at du tek kontakt, straks då me til vanleg treng 2-3 dagar å behandla søknader om naudhjelp. Økonomisk sosialhjelp vert utbetalt over bank 1-2 dagar etter at søknaden er avgjort, eller på dei datoane som er fastsett. NAV-kontoret har teieplikt. Om du ønskjer det, er du velkomen til å drøfta din økonomiske situasjon og utsiktene til å få sosial hjelp før søknad vert sett fram. Hjelp vert fastsett ut frå ei individuell vurdering, men med utgangspunkt i Rettleiande sosialhjelpsatsar. 
 
Korleis søkja tenesta 
Nærare om dine rettar og pliktar går fram av Kort rettleiing. NAV-kontoret vil og kunna gje rettleiing om korleis ein kan gå fram for å løysa dei økonomiske vanskane på andre måtar enn ved sosialhjelp, t.d. ved å utsetja betaling av rekningar, få til avdragsordningar, refinansiering m.v. Sjå nærare under Gjeldsrådgjeving.                                                                 

Klage
Du har rett til å påklaga kommunale enkeltvedtak. Dersom du nyttar deg av klageretten, vil ein annan instans enn den som har gjort vedtaket vurdera saka på heilt fritt grunnlag. Klageorgan er fylkesmannen. Klagefristen er tre veker frå du fekk kjennskap til vedtaket. Alle klager skal sendast til den kommunale instans som har gjort vedtaket. Dersom dei ikkje finn å kunna omgjera vedtaket, vil klagen verta sendt klageinstansen (fylkes­mannen) til endeleg avgjerd.
 
Ver merksam på at du som hovudregel har full innsynsrett i alle saksdokument som vedkjem di sak. Innsynsretten gjeld også om du ikkje nyttar deg av retten til å påklaga vedtaket.
 
Kundetorget eller vedkomande saksbehandlar kan gje meir utfyllande orientering om retten til klage og retten til innsyn. Kundetorget kan også hjelpa til med å skriva klagen for deg.
 
Her er nærare informasjon om innsyns- og klageretten.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 16.06.2011
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no