Startlån, tenesteomtale

Målgruppe 
Unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsørgjarar, funksjonshemma, flyktningar, personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag og andre økonomisk vanskelegstilte husstandar.   
 
Formål med tenesta 
Husstandar som har behov for bustad, men som har problem med å få den finansiert i den private marknaden, kan søkja Bømlo kommune om startlån. 
 
Tenesta gjeld 
Startlån er vanlegvis ei toppfinansiering som vert brukt i kombinasjon med bankfinansiering. Berre i spesielle tilfelle er det tale om fullfinansiering.

Lånet går over 25 år, dei 3 første åra er avdragsfrie. Lånet vert gjeve som fastrentelån der renta vert bunden i fem år. Dersom lånet vert sagt opp i bindingstida, lyt ein betala ein overkurs. Renta følgjer Husbanken si fastlånsrente den dagen lånet vert innvilga. Bømlo kommune legg 0,25% til renta som skal dekka administrasjonsostnader.

Lovverket som regulerer tenesta:
Lov om Den Norske Stats Husbank  
Forvaltningslova 

Relaterte tenester på andre nettstader:
www.husbanken.no
www.startlan.no

Kva er kravet for å motta tenesta 
Husstanden må ha behov for bustad. Det er her tale om ein bustad med rimeleg og nøktern standard. Vidare må ein ha evne til å betena lånet, og vanskar med å få lån i bank.   
 
Kva gjer kommunen 
Søknaden blir administrativt avgjort av av sakshandsamar for startlån i samråd med sosialleiar og økonomisjef.

Det er ingen søknadsfrist for denne tenesta.

Kontaktperson:
Avdeling:  Landbruks-og miljøavdelinga
Kontaktperson: Håkon Staveland
Telefon:  53 42 31 34
Telefax:  53 42 30 02
E-post:  haakon.staveland@bomlo.kommune.no
Besøksadr.:  Rådhuset, Svortland
Postadr.: 5430 Bremnes 
 
Korleis søkja tenesta 
Det er råd å søkja om startlån på to måtar: Anten ved å fylla ut Husbanken sitt elektroniske søknadsskjema som kan sendast oss via Internett, eller ved å fylla ut papirskjema som må sendast oss i Posten. Søknadsskjema finn du nede på denne sida.

Uansett framgangsmåte, må opplysningane du gir i søknaden dokumenterast. All dokumentasjon må sendast eller leverast inn til Bømlo kommune. Kontaktinformasjon finn du nede på denne sida.

Dersom du kan bruka elektronisk skjema, ønskjer me helst det.

Elektronisk søknadsskjema:
Søknad om startlån   

Innsyns- og klagerett:
Du har rett til innsyn i dokument som vedkjem di sak. Du har også rett til å klaga på enkeltvedtak som er gjort av Bømlo kommune.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 01.10.2009