Målgruppe
Eldre og funksjonshemma som treng tilrettelagt bustad.
Formål med tenesta
Tilrettelagt bustad tilpassa helsesituasjonen og funksjonsvanskane skal kunna gjera det mogleg for eldre og funksjonshemma å halda fram med å bu i eigen bustad så lenge det let seg gjera.
Tenesta gjeld
Kommunen har dei siste 20 åra ført opp om lag 100 bustader, både i kommunal eige og i samarbeid med Stord Boligbyggelag. Dei er lokaliserte til Svortland, Rubbestadneset, Mosterhamn, Finnås og Langevåg. Dei har alle livsløpstandard, dvs. at dei er tilpassa rullestolbrukarar og er tenlege for ulike fysiske funksjonshemmingar. Om nødvendig kan dei tilpassast særskilte funksjonshemmingar. Bustadene høver og godt for dei som grunna psykiske vanskar kjenner seg tryggare ved å bu sentralt i kommunen, eller ved det å ha naboar tettare rundt seg. Trygde- og omsorgsbustader har ikkje fast personale, men bebuarane får heimehjelp, heimesjukepleie, tryggleiksalarm m.v. ut frå kva behov den einskilde har (retten til slik hjelp er ikkje knytt til kvar du bur, men kva funksjonsvanskar du har). Ved å få ein lettstelt, moderne bustad som ligg nærare butikk og servicekontor, opplever mange eldre og funksjonshemma at dei kan halda fram med å bu i eigen bustad.
Ver merksam på at ein gjennom NAV-kontoret og kan søkja tilskot og lån til utbetring av huset for å tilpassa det til helsesituasjon og funksjonshemming. Finansieringshjelp vert og gjeve i samband med utbetring og vedlikehald. For dei som ønskjer å byggja ny bustad tilpassa funksjonshemming, er det gode finansieringsordningar gjennom Husbanken. Nærare opplysningar om dette får du på tlf. 53 42 33 00.
Kva er kravet for å motta tenesta
Alle som meiner dei har behov for tilrettelagt bustad, kan søkja NAV-kontoret om dette. Tildeling skjer når det vert ledig bustad, og til den som har det største behovet ut frå ei samla vurdering. Dei kommunale bustadene er utan innskot, og du betalar vanleg husleige. For bustad i burettslag må du i tillegg til husleiga betala eit innskot. Dette vert betalt attende når du sel bustaden. Kommunen kan hjelpa til med å finansiera innskotet. I begge høve vil du etter Husbanken sine reglar kunna få bustøtte for å redusera buutgiftene.
Kva gjer kommunen
Søknad om trygdebustad kan sendast til NAV-kontoret på fastsett søknadsskjema. Ver og merksam på at bustader i burettslag vert lyste ut på internettsidene og i lokalavisa når dei er ledige. Når det vert ledig bustad, vert innkomne søknader vurderte av ei tildelingsnemnd. Melding om tildeling vert berre gjeve til den som er tildelt bustad. Dei andre søknadene vert vurderte på nytt når det vert ledig bustad. Til vanleg er det raskare å få tilrettelagt bustad om du kan kjøpa slik bustad i burettslag.