Målgruppe
Personar som grunna sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker har trong for rask hjelp og som ikkje kan nytta seg av telefon.
Personar som kjenner seg utrygge i eigen heim.
Formål med tenesta
Leige av alarm skal vera eitt av fleire tiltak som kan få søkjar til å bu lenger heime.
Tenesta gjeld
Tryggleiksalarmen er ei teneste som ikkje er lovpålagt. Dermed kan ikkje søkjar visa til ein rett til tryggleiksalarm sjølvom ein fell inn under kriteriar for utleige. Det er i samråd mellom verksemdsleiarane at tryggleiksalarm vert utleigd. Tildeling skjer etter ei individuell og fagleg vurdering.
Alarmen er kopla opp heimesjukepleietenesta i verksemdsområda.
Dersom helsetilstanden tilseier det, kan tryggleiksalarmen bli trekt attende.
Tenestestandard for pleie- og omsorgstenester
Kva er kravet for å motta tenesta
Tryggleiksalarmen må koplast opp mot ei telefonlinje. Tilkopling av alarmen er gratis.
Det vert etter behov sett opp nøkkelboks ved inngongsdøra, og søkjar må syta for og betala ekstra nøkkel. Alarmen vert sett opp berre når søkjar ikkje kan nytta vanleg telefon.
Betaling for leige av alarm er etter betalingssatsar fastsett av kommunestyret. I leiga ligg det og vedlikehald og reparasjon.
Pris for leige finn du under betalingssatsar for pleie- og omsorgstenester.
Kva gjer kommunen
Bømlo kommune har etter kvart eit stort tal tryggleiksalarmar til utleige. Sidan dette ikkje er ei lovpålagt teneste, kan det til tider likevel ikkje vera ledige alarmar. Det er mogleg for privatpersonar å kjøpa eigen alarm for oppkopling mot kommunen / verksemdene. Ta kontakt med ambulerande vaktmeister / gruppeleiar / avdelingssjukepleiar før du eventuelt kjøper slik alarm.
Klage på vedtak om tryggleiksalarm kan rettast til den kommunale klagenemnda (formannskapet), men skal sendast til den / dei som har gjort vedtaket. Klagefrist er 3 veker frå vedtaket vart gjort kjend.
Les meir om Klage- og innsynsrett.
Korleis søkja tenesta
Søknad må sendast på fastlagt skjema til det omsorgsområdet du bur i og vert behandla fortløpande. Søknadsskjema for Helse- og omsorgstenester får du ved å venda deg til ditt omsorgsområde eller ved å klikka på lenka.
Klikk her for å sjå Innsending av søknad.