Alarmsentral for barn og unge

Det er oppretta ein landsdekkjande alarmsentral for barn og unge. Sentralen er ein del av barnevernet i Noreg, og eksisterande akuttberedskapsordningar skal brukast i den grad det er mogleg. Utsette barn og unge er sentralen si viktigaste målgruppe. Vaksne eller venner som er bekymra for enkeltbarn kan også ta kontakt. 

Det er Barne- og likestillingsdepartementet som i samarbeid med Justisdepartementet har tatt initiativet til alarmtelefonen for barn og unge som er utsett for ulike former for vald, overgrep eller omsorgssvikt. 

Målet er at barn skal kunna bruka eitt telefonnummer, der dei kan fortelja om kva situasjon dei er i og om dei bekymringane dei har. Deretter kan kontakt videreformidlast til rett instans i kommunen for oppfølging. Vaksne som er bekymra for barn skal også kunna ringa til alarmtelefonen. 

Slik kontaktar du sentralen
Å ringa Alarmtelefonen 116 111 er gratis. Du kan også kontakta sentralen per e-post: alarm@116111.no. Telefonen er open mellom kl 15.00 - 08.00 på kvardagar og er elles døgnopen heile året - i helger og på hellig- og fridagar.

Slik fungerer vaktordninga
Når landets barnevernvakter er opne, vert telefonar automatisk sett over til dei. Telefonar frå område utan barnevernvakt svarar sentralen på. Det samme gjeld for oppringingar utanom barnevernvaktene sine varierande opningstider. 

Telefonane til Alarmsentralen blir kategorisert etter kor alvorleg saka er. Saker som er akutte, vil straks bli vidareformidla til lokal akuttberedskap. Dette gjeld også akutte faresituasjonar som ikkje er barnevernet sitt ansvar. Andre saker vert vidaresendt til lokalt barnevern - i "semi-akutte" saker vil sentralen også kontakta det kommunale barnevernet per telefon snarest mogleg. Dei som ringer eller sender e-post om andre typar problem enn dei som Alarmsentralen er oppretta for, vil få råd om kven dei kan kontakta. 

Alarmsentralen er administrativt knytta til Kristiansand kommune ved kommunen si interkommunale barnevernvakt. Fysisk ligg sentralen i tinghuset i byen. 

Den landsdekkjande Alarmsentralen for barn og unge blei opna 2. juni 2009. Sentralen er eit toårig pilotprosjekt. 

Alarmsentralen si nettside er www.116111.no.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 05.05.2011
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no