Psykisk hjelp, oversikt over tenester til barn

Akutthjelp
I kritiske eller livstruande situasjonar skal du straks ringa Øyeblikkeleg hjelp på telefonnummer 113. Forklar kvar som har skjedd, fortel kva adresse du ønskjer hjelpa til og kva telefonnummer du ringer frå. Viss situasjonen ikkje er akutt, det vil sei at det ikkje er fare for liv og helse, kan du kontakta fastlegen din, eller legevakta på Bømlo på telefon 53 42 13 00.
 
Tenesteomtale for Psykisk helse i Bømlo kommune.
 
Helsestasjonen og skulehelsetjenesta
Helsestasjonen og skulehelsetenesta er ein viktig arena for å skapa tryggleik, for å oppdaga barn og ungdom som treng hjelp, og for å førebyggja meir alvorlege psykiske problem.
 
Helsestasjon for ungdom
Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for deg mellom 13 og 20 år.Her får du rådgjeving, rettleiing, undersøking og behandling som er tilrettelagt for ungdom etter deira behov og premisser. Tilbodet er eit supplement til, og ikke ein erstatning for, den obligatoriske skulehelsetenesta.
 
Fastlege
Fastlegene har avtale med kommunen om å yta innbyggerne allmennlegetenester både når det gjeld behandling av somatiske og psykiske problem. Dette omfattar også akutte tilfelle.
 
Tenesteomtale for Legetenesta i Bømlo kommune.
 
Barnevernet
Barnevernet sitt ansvarsområde er å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada barnet si helse eller utvikling, får hjelp og omsorg så raskt som mogleg.
 
Tenesteomtale for barnevernet i Bømlo kommune.
 
Familievernet (familierådgjeving)
Familievernkontoret gir tilbod til alle som treng å snakka om vanskelege forhold i familien. Det er eit tilbod til både enkeltpersonar, par og familiar - unge og eldre.
 
Les meir om Familievernkontoret
 
Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)
Barn, unge og vaksne med særskilte behov skal få hjelp frå PP-tenesta, slik at dei vert sikra gode opplærings- og utviklingsforhold. PPT skal bistå barnehagar og skular i arbeidet med tilpassa opplæring.
 
Tenesteomtale for PP-tenesta i Bømlo kommune.
 
Barne- og ungdomspoliklinikk for psykisk helse (BUP)
BUP er et tilbod i spesialisthelsetenesta. Arbeidet er organisert som eit poliklinisk tilbod innan psykisk helsevern for barn og unge, og søkjer å hjelpa barna og deira familiar. BUP er først og fremst eit tilbod for å ta hand om problem som ikkje kan løysast i dei kommunale helsetenestene, som hos fastlege, helsesøster, pedagogisk-psykologisk tjeneste (PPT) eller barnevernet.
 
BUP i Sunnhordland 

Individuell plan
Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få ein individuell plan. I planen skal det blant anna vera ei oversikt over kva tiltak du kan forventa å få, kven som skal gi dei, og til kva tid. Dette gjeld alle typar tiltak, som for eksempel behandling, sosiale tenester, bustad, jobb og skule.
 
Les meir om Individuell plan.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 18.11.2009