Akutthjelp
I kritiske eller livstruande situasjonar skal du straks ringa Øyeblikkelig hjelp på telefonnummer 113. Forklar kva som har skjedd, fortel kva adresse du ønskjer hjelpa til og kva telefonnummer du ringer frå. Viss situasjonen ikkje er akutt, det vil sei at det ikkje er fare for liv og helse, kan du kontakta fastlegen din, eller legevakta på bømlo på telefon 53 42 13 00.
Tenesteomtale for Psykisk helse i Bømlo kommune.
Fastlege
Fastlegane har avtale med kommunen om å yta innbyggerne behandlande allmennlegetenester, både når det gjeld somatiske og psykiske problem. Dette omfatter også akutte tilfelle.
Tenesteomtale for Legetenesta i Bømlo kommune.
Familievernet (familierådgjeving)
Familievernkontoret gir tilbod til alle som treng å snakka om vanskelege forhold i familien. Det er eit tilbod til både enkeltpersonar, par og familiar - unge og eldre.
Les meir om Familievernkontoret
Rusomsorg
Gjennom råd, rettleiing og hjelpetiltak kan sosialtenesta hjelpa den enkelte å komma bort fra misbruk av alkohol og andre rusmidlar. På tilsvarande måte skal det gjevast råd, rettleiing og hjelp til vedkommande sin familie og pårørande.
Lenke til NAV Bømlo
Rusinstitusjonar i Helse Vest
Distriktspsykiatrisk senter (DPS)
Er du alvorleg sjuk, kan fastlegen i nokre tilfelle visa deg til Distriktspsykiatrisk senter, som gir eit spesialisthelsetenestetilbod.
Lenke til Stord DPS
Bustad
Kommunen har etablert ulike, tilrettelagte butiltak for personar med psykiske vanskar. Ein god busituasjon er sentral for trivsel, meistring og livskvalitet.
Lenke til NAV Bømlo
Individuell plan
Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få ein individuell plan. I planen skal det blant anna vera ei oversikt over kva tiltak du kan forventa å få, kven som skal gi dei, og til kva tid. Dette gjeld alle typar tiltak, som for eksempel behandling, sosiale tenester, bustad, jobb og skule.
Les meir om Idividuell plan.
NAV og jobb
Det finst mange høve til å vera i arbeid trass i helseplager. Å vera i jobb, anten deltid eller heiltid, kan dessutan ha ein positiv effekt på helsa di. Nye behandlingstilbod og tettare oppfølging kan få deg raskare tilbake.
Lenke til NAV Bømlo