Byggesak


Muring
Muring

Det er krav om løyve etter plan- og bygningslova til å utføra ulike typar byggjetiltak slik som nybygg, tilbygg og påbygg, samt større endringar og reparasjonar. Det er også naudsynt med løyve ved endra bruk av heile eller delar av eit bygg, t.d. ved endring frå bustad til kontor. Søknad om løyve skal sendast til Bømlo kommune.

Elektroniske byggjesøknader
ByggSøk bygning er et gratis system for utfylling av byggesøknader på internett, og er eit alternativ til tradisjonelle papirskjema og blankettar. Systemet vert drifta av Direktoratet for byggkvalitet. Du finn elektroniske skjema her  

I menyen nedanfor finn du også meir informasjon om byggesaksbehandling, skjema, rettleiingar, kart o.l. På www.dibk.no finn du også mykje god informasjon.

Kontaktar du byggefirma eller arkitektar kan du unngå at tid går med til å gjera ferdig byggjesøknaden din i ettertid. 

Det finst tre typar byggjetiltak:
 
1. Byggjetiltak som krev korkje søknad eller løyve
Enkelte mindre tiltak kan gjennomførast utan at det er krav om søknad. Føresetnaden for dette er at byggjetiltaket ikkje fører til fare eller urimeleg ulempe for omgjevnadene eller allmenne interesser eller vert nytta til varig opphald. I tillegg må tiltaket vera i samsvar med gjeldande arealplan og reglane elles i Plan- og bygningslova. D.v.s at dersom tiltaket er i strid med byggjegrense eller avsatt byggjeføremål i arealplan, så må det søkjast om. Døme på slike tiltak kan vera mindre frittliggjande bod, levegg eller forstøtningsmur innafor visse avgrensingar. Sjå Plan- og bygningslova §20-3 og byggesaksforskrifta §4-1 til §4-3
 
2. Byggjetiltak som krev søknad og løyve og som kan utførast av tiltakshavar sjøl
Nokre mindre byggjetiltak krev ikkje så omfattande dokumentasjon og saksbehandling som søknader med krav om ansvarsrett. I slike saker har tiltakshavar sjølv ansvar for at tiltaket oppfyller alle krav med heimel i plan- og bygningslova. Fagleg bistand kan vera naudsynt avhengig av kor omfattande tiltaket er og kva kompetanse ein har. Dei mest vanlege tiltak som kjem inn under denne ordninga er uthus, garasjar og tilbygg, jamfør Plan- og bygningslova §20-2 og byggesaksforskrifta §3-1
 
3. Byggjetiltak som krev søknad og løyve
Dei tiltak som ikkje er nemnd ovanfor skal søkjast om via ansvarleg foretak. Dette gjeld større byggetiltak som t.d bustad, garasje >70 m2, naust, hytte, rorbu m.m.: Ta kontakt med byggefirma eller annan kvalifisert fagkyndig. Kommunen krev at relevant kunnskap er dokumentert gjennom utdanning og praksis eller ved ei sentral godkjenning. Det er også krav til denne type dokumentasjon for prosjektering, utføring og kontroll av desse byggjetiltaka, jamfør Plan- og bygningslova §20-1 og byggesaksforskrifta §2-2.
 
Ferdigattest for alle søknadspliktige tiltak

Frå 01.07.2010 er det slik at alle søknadspliktige tiltak krev ferdigattest - også tiltak som vert utført av eigar/tiltakshavar sjølv. Tiltakshavar eller ansvarleg foretak skal senda inn søknad om ferdigattest, som dokumentasjon på at tiltaket er bygd i samsvar med løyve og plan- og bygningslova. Ferdigattesten markerar kommunen si avslutting av saka.

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 03.05.2012