Barnehagar på Bømlo

Lesestund

Bømlo kommune har ni private barnehagar. Du finn heimesider og informasjon om den enkelte barnehage i lista heilt nede på denne sida. Dersom du ynskjer plass til ditt barn i ein av våre barnehagar, sender du eit eksemplar av søknaden direkte til den barnehagen(ane) du ynskjer plass i.

Søknad om barnehageplass

Moderasjon på økonomisk grunnlag:

I forskrift om foreldrebetaling i barnehagar § 3 tredje ledd står det : ”Alle kommuner skal ha ordninger som kan tilby barnefamilier med lavest betalingsevne en reduksjon i eller fritak for foreldrebetaling.”

Ordninga omfattar alle barnehagar i kommunen. Reduksjon i opphaldsbetalinga vert ikkje gitt på ekstra betaling for kostpengar. Søknad om reduksjon i opphaldsbetalinga kan søkjast om på fastsett skjema og sendast Bømlo kommune for handsaming. Friplass kan og verta tildelt med heimel i sosialtenestelova eller barnevernlova. Vend dykk då til NAV eller Barnevern-tenesta.


Her finn du Søknad om moderasjon på økonomisk grunnlag


Rett til barnehageplass - § 12a i barnehagelova

"Det er kommunen sitt ansvar å fylla retten til barnehageplass. Kommunen må i dimensjoneringa av behovet for tal på barnehageplassar ta omsyn til barnehagen, vedtekter, tilflytting, ynskjer og behov for plassar over og under 3 år".

"Retten til plass frå august gjeld for barn som fyller 1 år seinast innan utgongen av august det året det vert søkt om barnehageplass".

Barnehagane våre har kontinuerleg opptak. I vår kommune har me sett søknadsfrist til 1. april det året føresette søkjer for å ivareta lovverket om kommunal rett. Kommunen er klageinstans. Kommunen bør difor dimensjonera planlegginga si med at ein har ledig godkjent areal, og at barnehagane dermed kan auka drifta ved behov.

Alle dei ni barnehagane i Bømlo er private, og kommunen har full barnehagedekking.

Har du spørsmål om skjema, kontakt Bømlo kommune:

Adresse:
5430 Bremnes

Telefon:
53 42 30 00

Telefaks:
53 42 30 01

E-post:
postmottak@bomlo.kommune.no

Sist endra 22.05.2013
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no