Siste nytt

Skip Navigation LinksStartside > Om kommunen

Om kommunen

Bømlo kommune er organisert i ein to-nivås modell med ein rådmann og to kommunalsjefar, samt verksemdsleiarar med resultat-, budsjett- og personalansvar.

ORGANISASJONSKART

Dei fleste resultatområda er eigne verksemder. Rådmannen og kommunalsjefane utgjer toppleiinga og har det overordna ansvaret for utvikling, planlegging og drift av kommunen si verksemd.

I undermenyane til venstre finn du kort omtale av verksemdene og kva som er ansvarsområdet deira. Her finn du også oversikt over kontaktpersonar med telefonnummer og epostadresser.

Trykk her for å få direkte telefonnummer og mailadresser

Kommunale AS
Bømlo kommune har eige aksjeselskap som tek seg av drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg i kommunen: Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Sidan juni 2008 har kommunen også eige aksjeselskap som tek seg av drift og vedlikehald av kommunen sine utleigebustader: Bømlo kommunale eigedomsselskap AS. I 2009 etablerte kommunen selskapet Bømlo Arbeids og Aktivitetssenter AS. I tillegg er Bømlo Kulturhus eit kommunalt foretak oppretta i 2005.

Bømlo kommune deltek i følgjande interkommunale samarbeid: Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS og Karmsund Havnevesen IKS. I tillegg deltek Bømlo kommune i eit interkommunalt samarbeid med Stord og Fitjar kommunar om oppgåver knytta til barnevern der Stord kommune er vertskommune - Sunnhordland interkommunale barnevern. Bømlo kommune har ikkje kommunale barnehagar, og denne tenesta vert i sin heilskap utført av private barnehagar.

Informasjon om kommuneøkonomien - fakturering, budsjett, rekneskap, og årsmelding.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 15.06.2012
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no
padlock