ORGANISASJONSKART
Dei fleste resultatområda er eigne verksemder. Rådmannen og kommunalsjefane utgjer toppleiinga og har det overordna ansvaret for utvikling, planlegging og drift av kommunen si verksemd.
I undermenyane til venstre finn du kort omtale av verksemdene og kva som er ansvarsområdet deira. Her finn du også oversikt over kontaktpersonar med telefonnummer og epostadresser.
Trykk her for å få direkte telefonnummer og mailadresser
Kommunale AS
Bømlo kommune har eige aksjeselskap som tek seg av drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg i kommunen: Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS. Sidan juni 2008 har kommunen også eige aksjeselskap som tek seg av drift og vedlikehald av kommunen sine utleigebustader: Bømlo kommunale eigedomsselskap AS. I 2009 etablerte kommunen selskapet Bømlo Arbeids og Aktivitetssenter AS. I tillegg er Bømlo Kulturhus eit kommunalt foretak oppretta i 2005.
Bømlo kommune deltek i følgjande interkommunale samarbeid: Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS og Karmsund Havnevesen IKS. I tillegg deltek Bømlo kommune i eit interkommunalt samarbeid med Stord og Fitjar kommunar om oppgåver knytta til barnevern der Stord kommune er vertskommune - Sunnhordland interkommunale barnevern. Bømlo kommune har ikkje kommunale barnehagar, og denne tenesta vert i sin heilskap utført av private barnehagar.
Informasjon om kommuneøkonomien - fakturering, budsjett, rekneskap, og årsmelding.