På Bømlo ligg attraksjonane på rekkje og rad. Kven kjenner ikkje til Moster gamle kyrkje? Bømlo si historie går langt attende i tid, og mykje spanande har skjedd - og skjer på Bømlo.
På Lykling kan ein vandra rundt på gullgruveområdet og sjå føre seg gullgravarane som på slutten av 1800-talet freista lukka her.
Espevær ligg som ei stille og fredeleg perle no, men det travle sildefisket på 1800-talet sette tydelege spor som bygdefolket har teke vare på. Administrasjonssenteret Baadehuset er restaurert, og er i dag museum. Det er også Hummarparken der levande hummar kraup rundt i tusental og venta på å verta frakta vidare til mondene bord nede i Europa. Ein nyare attraksjon på Espevær er den svært omtala og myteomspunne UFO-ringen, som vart oppdaga på midten av 1970-talet.
Mange gamle bygningar på Bømlo er restaurerte, og tekne vare på. I sør har me mellom anna Fridtun og Bergeshuset. I nord ligg Katla skulemuseum, og den gamle landhandelen der "Nillo på skjeret" stod bak kassen heilt til det siste. Heilt i vest finn du den gamle gjestgjevarstaden og silderøykeriet på Hiskholmen som er vel verdt eit besøk. Ved Kulleseidkanalen, som er ein attraksjon i seg sjølv, ligg den første eksterne telegrafstasjonen i Noreg.
Eit museum som viser litt av den nyare næringshistoria vår, er den gamle smia i Rubbestadneset, der den kjende Rubbmotoren vart til. På Moster finn du det kyrkjehistoriske senteret. Senteret har tilhald i dei nye bygningane som vart bygd rundt Moster Amfi i samband med tusenårsjubileumet for kristninga av Noreg i 1995.
Vidare under Attraksjonar finn du informasjon om dei ulike stadene og husa me gjerne viser fram!