Siste nytt

Kristine Sele

Kristine Sele
Forfattarar Kristine Sele

Kristine Sele arbeider som forfattar og frilansejournalist. Ho er fødd 4. oktober 1946, og er busett på Bømlo.

Ho har skrive fleire reportasjebøker, og bøker om lokalhistoriske tema. Den første boka var reportasjeboka "Tusen år,- ein sommardag", om kyrkja sitt tusenårsjubileum på Bømlo. Den neste boka "...Og eg fant på dette her" handlar om gründeren Olav Svendsen, og er skrive på oppdrag frå Bremnes Fryseri. "Meir enn Sirup" er ei lokalhistorisk bok om handelsstanden på Bømlo, og ho var medforfattar av boka "Over fjord - under flu", om Trekantsambandet og bygginga av dette. Sommaren 2003 arbeidde Kristine som medforfattar av ei bok om båtar på Søre Bømlo.

I 2004 kom boka "Fartøy til fiske og frakt", ei bok om båtar på Søre-Bømlo og Espevær. Dette var eit prosjekt i samarbeid med Bømlo Tur- og Sogelag.

I 2009 sto Kristine Sele bak jubileumsboka om Kr. Steinsbø - "Har bygd Bømlo i hundre år".

Bibliografi:
Tusen år - Ein sommardag 1995
"...og eg fant på dette her" 1998
"Meir enn sirup" 1999
Medforfatter: Over fjord under flu 2001
"Fartøy yil fiske og frakt" 2004
"Har bugd Bømlo i hundre år" 2009

Foto: Simon Sortland

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 08.02.2010
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no