Johanna er utdanna lærar, og har jobba i barneskulen i meir enn 30 år. I dag arbeider ho i vaksenopplæringa og underviser i norsk og samfunnsfag. Ho har elevar frå mange ulike land, og trivst svært godt med det.
Ho starta målarkarriera si på nokre av ektemannen hennar, Johannes, sine lerret. Motiva er oftast å finna innan den rike bømlofloraen. Ho er glad i fargar, og kva er meir fargerikt enn ville markblomar? Johanna er meir enn villig til å dela sin fargeglede med andre. Det er ikkje så reint få bømlingar som har ein ekte "Johanna" i stova si.
Johanna har delteke på fleire utstillingar rundt om i Sunnhordland, mellom anna på Galleri Ryvarden i Sveio og i Moster Amfi. Ho har også delteke i fleire utsmykkingsoppdrag.
Foto: Line Sortland