"Tam" storlom på prøvetur med Peter Mallison. (Foto: Jostein Kjærandsen)
Peter kom frå Nord-England (Adensfield) i 1986, og busette seg på Espevær saman med familien. Sidan 1984 har han arbeidd med treskjering med fugl og fisk som tema. Arbeida hans har vakt merksemd både på fjernsyn og på utstillingar, og han har delteke to gonger på VM i treskjering i USA, begge gonger med fine plasseringar.
Peter er sjølvlært. Han arbeider med Tupelo-tre som materiale, eit treslag som har lite årringar og er fritt for kvist. Ein fugl kan ta opp mot 200 arbeidstimar, medan fisk krev noko mindre. Sidan han driv dette som hobby lagar han 2-3 arbeid i året.