Siste nytt

Skip Navigation LinksBømlo > Kulturliv > Musikk og teater

Teppet går opp...

Dei siste tiåra har musikk- og teaterlivet på Bømlo vore i sterk utvikling. Mykje av æra skal Bømloteateret og Bømlo Musikal Laug ha for at dei har inspirert, og lært oss opp til å setja pris på teater som uttrykksform. Bømlo kulturskule har også spelt ei viktig rolle for mange barn og unge, og gjennom eit år på Bømlo kan ein oppleva både dans, konsertar og teater som vekkjer oppsikt for kvaliteten sin.

Kunstnarar som Kenneth Sivertsen, Kjell Habbestad og Heine Totland har gjeve Bømlo musikalsk kreditt både på nasjonalt og internasjonalt plan. Bømlo Musikal Laug har sett Bømlo på kartet med sine store oppsetjingar og klarar gjennom talent, entusiasme og dugnadsånd å gje tusenvis av publikummarar sjelsetjande opplevingar. Hovudscena vår er Moster Amfi, kalkgruva som er bygd om til utandørs teaterscene etter gresk mønster. Mindre kan det ikkje vera for eit øyfolk med kulturelle ambisjonar og kjennskap til si historie.

No står også det nye kulturhuset ferdig, og Bømlo får med det eit forum som kan romma og inspirera oss til ein endå rikare kulturell identitet.

Frå Mostraspelet | Fotograf: Magne Raknes
Mostraspelet, Tord og hans menn fotograf Magne Raknes
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 06.01.2010
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no