Bømlo kommune har eit rikt kulturliv, med mange aktive medlemer i lag og organisasjonar. Bømlo kulturhus vart tatt i bruk 8. oktober 2005, og Langevåg Bygdatun sto klart ved årsskiftet 2004/2005. I tillegg finn ein moderne fleirbrukshallar; Rubbhallen, Bømlo vidaregåande skule, Foldrøy og Gilje skular.
http://www.bomlokulturhus.no
http://www.bygdatunet.no/
Musikk
Det er eit rikt musikkliv på Bømlo, her er janitsjarorkester, strykeorkester, mange ulike kor, skulekorps, trekkspelklubb med meir.
Teater
Bømloteateret og Bømlo Musikal Laug er svært aktive med store og små teaterframsyningar gjennom heile året. Mostraspelet vert framført kvar vår, og i august har Lauget sett opp store musikalar som Hair, Jesus Christ Superstar, Les Misérables, Chess og Miss Saigon.
Idrett
Idrettsaktiviteten er stor, med fotballag, friidrett, handball, sportsdykking og mange andre idrettsgreiner. Den vakre naturen på Bømlo inviterer til eit rikt friluftsliv. Her finn du eit stor utval av flotte turstiar m.a. Nordsjøløypa, og frå Siggjo har ein utsikt til heile Sunnhordland.
Moster Amfi
Moster Amfi er ein utandørsscene med plass til om lag 1200 menneske, der det vert framført teaterstykke og halde konsertar. Anlegget innheld og ei permanent, vakker kyrkjehistorisk utstilling, konferansesal og kafé.
Kulturkontoret administrerer det kommunale kulturarbeidet i kommunen, og har ansvar for alment kulturarbeid, idrett og kulturadministrasjon.
Bømlo kulturskule har om lag 600 elevar, og tilbyr instrumentalopplæring på mange ulike instrument. Kulturskulen gjev óg undervisning i biletkunst, teater og dans.
Bømlo folkebibliotek
Biblioteket har ansvar for utlån av bøker, notar, lokalhistorisk materiale, lydbøker, videoar, CDar, språkkurs, tidsskrift og aviser, kommunale, fylkeskommunale og statlege publikasjonar. På biblioteket finn du datamaskinar med internett og til anna bruk. Ein del av aktiviteten er utstillingar.
Lenker:
Stiftelsen Simon Eidesviks Minne
Bygdatunet
Bømlo tur- og sogelag
Den kulturelle skulesekken
Frivilligsentralen
Kulturmenyen (Folkeakademiet)
Kulturhuset
Kulturnett (Hordaland)
Moster Amfi