Siste nytt

Skip Navigation LinksBømlo > Kulturliv > Langevåg bygdatun

Langevåg Bygdatun

Langevåg Bygdatun
Langevåg Bygdatun

Langevåg Bygdatun som vart opna 21. januar 2005 av dåverande miljøvernminister Knut Arild Hareide, er eit allbrukshus, som gir plass til både næringsverksemd, servicebedrifter, idrett og kultur. Bygdatunet er ein naturleg møteplass for dei som bur i bygda, og styrkjer Langevåg sin posisjon som ein attraktiv stad å bu.

Bygdatunet inneheld:

  • Stor idrettshall
  • Dagligvarebutikk og kafé
  • Ungdomslokale
  • Forsamlingslokale og kurs- og konferansesal

Sentralt bak ideen og hovudfinansieringa av Langevåg Bygdatun sto reiaren og grundaren Lauritz Eidesvik. Han såg behovet for eit nærings- og kultursenter som kunne styrkja identiteten og optimismen mellom dei unge i bygda. Han såg og at Bygdatunet kunne gje lokale arbeidsplassar, og ulike tilbod innan utdanning, kultur og helse. For å realiserea prosjektet vart det oppretta to selskap, Langevåg Bygdatun AS (styreformann Georg Lønning) og Langevåg Idrettsbygg AS (styreformann Odd Engen). Bak  utforminga står arkitektfirmaet Opus Arkitekter NPA AS.

Rivinga av det gamle grendahuset og grunnarbeidet til Langevåg bygdatun begynte i 2002, men vart forsinka då Riksantikvaren ikkje godtok plasseringa av huset, som kom i konflikt med ein av Norges viktigaste kulturminne frå steinalderen - Sokkamyro. Plasseringa vart endra, og ei mindre arkeologisk utgraving på tomta vart avslutta sommaren 2003. Bygginga starta deretter hausten 2003.

Lenker:
Haakon Shetelig og grønsteinane   
I Shetelig sine forspor - intervju med David Simpson   
Steinalderen på Bømlo  
Bilete frå utgravingane i Sokkamyra   

Kjelder:
Opus Arkitekter A/S
Langevåg Utvikling v/Johannes Hjelland
 

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 03.02.2010
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Bømlo kommune Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622 MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30-14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no