Ved bruk av eld utandørs må dette meldast til brannvernet, dette for å hindra brann og unngå unødige utrykkingar.
Generelt er bruk av open eld i eller i nærleiken av skogmark forbode utan løyve frå brannsjefen i tida 15.april - 15.september.
Flatebrenning eller brenning av hogstavfall i skogmark samt gras- og lyngsviing i eller i nærleiken av skogmark skal utførast etter § 8-2 i Forskrift om brannforebyggende tiltak og tilsyn (Førebyggandeforskrifta).
Løyvet vert gjeve på følgjande vilkår:
-
Bålet skal bestå av trevirke og ikkje bildekk, pappesker, trykkbehaldarar ol. Ein kan ta med papir og esker om det vert plassert midt i bålet omgitt av materiale som brenn lenge.
-
Om det er mogeleg skal det leggjast ut ein vass-slange. Om dette ikkje er mogeleg skal det setjast fram bøtter til sløkkjevatn.
-
Det må avtalast med grunneigar om det kan brennast bål i det området det er søkt om å brenna.
-
Om det er tørt og vind den dagen ein skal brenna, fell løyvet automatisk bort. Er det tvil om dette, skal spørsmålet leggjast fram for brannsjefen eller vakthavande befal dersom det er utanom normal arbeidstid ( vakttelefon: 958 48 007). Nærare melding om dette kan også verta gjeve i lokalavisa/nærradio.
-
Når ein forlet bålet skal dette sløkkjast fullstendig.
-
Ansvarshavande må vera tilgjengeleg på telefon heile tida.
Søknad om løyve til bålbrenning finn du her.
Tenesteomtale
Spørsmål om bålbrenning kan rettast til vakthavande befal på telefon: 958 48 007.