Siste nytt

Bømlo vatn- og avløpsselskap

Du kan kontakta Bømlo vatn og avløpsselskap på telefon 53 42 88 40.

Bømlo vatn og avløpsselskap AS, BVA, vart stifta 17.12.2002 med bakgrunn i vedtak i Bømlo kommunestyre 18.11.2002. Selskapet har ein aksjekapital på 3,0 mill. kr med Bømlo kommune som eineaksjonær. 

BVA sitt føremål er utbygging, drift og vedlikehald av vatn og avløpsanlegg i Bømlo kommune, og andre oppgåver i tilknyting til dette.

Frå 01.01.2003 overtok BVA eigedomsretten og totalansvaret for vatn- og avløpsanlegg som tidlegare var eigd og drifta av Bømlo kommune.

Sjølvkostprinsippet
Det er vedtektsfesta at BVA grunna sitt allmennyttige føremål skal drivast etter sjølvkostprinsippet. Det skal med andre ord ikkje utbetalast utbytte til eigaren, Bømlo kommune. Dette sikrar at eventuelle overskot vert nytta til vidare utbygging av vatn- og avløpsanlegg i Bømlo til beste for alle abonnentane som er knytta til leidningsnettet.

Heimeside: Bømlo vatn- og avløpsselskap AS

Besøksadresse:
Hollundsdalen
5430 Bremnes

Fakturaadresse:
Postboks 214
5445 Bremnes

 
Publisert av Anne Grete Møklebust. Sist endra 10.02.2010

Aktuelt

BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | Leirdalen 1 - 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no