På Bømlo finn du ei rekkje stader der du kan overnatta, alt i frå enkle små hytter, til flotte rorbuer og hotell.
I menyen er det lenker til dei ulike overnattingstadene som finst.
Mange turistar som har lengre opphald her på øya vel å bu nær sjøen, ein gløymer gjerne at Bømlo også har ein fantastisk natur å by på. Ikkje minst treng fleire å oppdaga at vintersdagen på Bømlo har sin eigen sjarm, sjølv om det er sjeldan at snøen ligg lenge.
Uansett er Bømlo absolutt staden å finna roen, og la dagane gå utan å kikka på klokka.
Me ønskjer deg eit hyggeleg opphald!