Hillestveit Musikkkorps held til på Langevåg på Søre Bømlo.
Dirigent for korpset er frå april 2013 Tone Christin Lium Røssland, og leiar for styret er Svanhild Vespestad.
Me har korpsøving ein gong i veka, kvar onsdag frå kl 1815-2000, og i tillegg har elevane gruppeøving tidlegare same dag.
Korpset er med på 1-2 konkurransar i året, speler konsertar, har ett seminar på hausten og ett på våren. I tillegg har me det veldig sosialt og finn på mykje kjekt.