Siste nytt

Skip Navigation LinksOppvekstportal - skuleportal > Barnehagar > Espira Rubbestadneset

Espira Rubbestadneset

Espira barnehage Rubbestadneset fotograf Espira barnehager

Adresse:
 5420 Rubbestadneset
 
Telefon:
 53 42 82 80
 
Faks:
 53 42 82 81
 
E-post:

Barnehage:
post@rubbestadneset.espira.no

Kontor:
styrer@rubbestadneset.espira.no
 
Heimeside:
www.rubbestadneset.espira.no


 

Barnehagen Espira Rubbestadneset starta opp i nye lokaler hausten 2002. Barnehagen var frå 2002 og fram til 31.12.07 eigd og driven av foreldra som eit andelslag. Frå 01.01.08 overtok Espira Gruppen AS drifta av barnehagen.
 
Opningstida til barnehagen er frå kl. 6.30 til 16.45. 

Me har 4 avdelingar med til saman 95 barn og rundt 30 tilsette. I tillegg har me ei utgruppe, der barna vekslar på å vera med. I løpet av vinteren har uteområdet vårt blitt omarbeida og oppgradert med m.a. grillhytte, fleire nye leikeapparat og eige leikeområde for dei minste barna.
 
Barnehagen ligg sentralt til i Sollia. Sjølv om ein ikkje bur i Rubbestadneset, er barnehagen ei god løysing for dei mange som arbeider her. Difor har me også barn frå andre delar av Bømlo.


Rubbestadneset yrkesskule og Rubbhallen er dei næraste naboane våre. Dette inneber også ein fast avtale om at barnehagen kan nytta Rubbhallen fleire timar pr. veke, noko som er svært populært for barna.
 
Motto for Espira Rubbestadneset: "Kreativitet og helse i samhandling med andre".

I barnehagen vår betyr det:

1.Fokus på fagområdet kunst, kultur og kreativitet

2.Aktivt arbeid for sunnare kosthald

3.Utegruppe og bruk av Rubbhallen

4.Småbarnsavdelingar/tilrettelegging for dei yngste barna

5.Arbeid med sosial kompetanse

 

Sist endra 22.05.2013
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Oppvekst, kultur og idrett Rådhuset
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30 - 14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no