Siste nytt

Maurtua barnehage

Maurtua barnehage - ein god start

Maurtua barnehage

Maurtua Barnehage er den første foreldreeigde og private barnehagen i Bømlo Kommune. I dag består Maurtua Barnehage av to flotte og tilrettelagte barnehagebygg med gåavstand i mellom. Kvart bygg har fire avdelingar for barn i alderen 0-6 år.

 

Maurtua Barnehage har eigen gymsal som dagleg blir nytta av barna i begge barnehagane. Dei fysiske forholda for barn, foreldre og tilsette, er særs gode både ute og inne i barnehagen. Når begge barnehagane i tillegg er nabo med skog og mark, så er det eit perfekt utgangspunkt for å gje barna gode og viktige naturopplevingar.

 

Maurtua Barnehage har svært billige barnehageplassar, sett i landsmålestokk og i ”Bømlo”-målestokk. Det kan ein ha fordi eigarane ikkje tek ut overskot, men lar alt gå til drift av barnehagen. Prisane våre inkluderar også dei utgiftene som dei fleste barnehagar tek ekstra betalt for, som mat, bleier, vogner og opplevingar i og utafor barnehagen. Me tilbyr 40% søskenmoderasjon for barn 2 og 50% søskenmoderasjon for barn 3.


Priseksempel på barnehageplass i Maurtua Barnehage:

Pris for 1 barn                Pris for 2 barn               Pris for 3 barn
5 dagar: 2200,-               5 dagar 3520,-              5 dagar 4620,-
4 dagar: 1760,-               4 dagar 2816,-              4 dagar 3696,-    
3 dagar: 1320,-               3 dagar 2112,-              3 dagar 2772,-


I Maurtua Barnehage legg me vekt på å gje barnet ditt gode dagar prega av tryggleik, omsorg, trivsel og høg kvalitet.


Ring gjerne tlf. 53 42 89 99 dersom du lurer på noko eller har lyst å koma på besøk.

For meir informasjon besøk vår heimeside: http://maurtua.bomlo.barnehage.no

Søknadsskjema Maurtua barnehage

Sist endra 22.05.2013
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Lag PDF

Kontaktinformasjon

Oppvekst, kultur og idrett Rådhuset
5430 Bremnes
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon
: 53 42 30 00

Faks
: 53 42 30 01
Org.nr.
: 834 210 622
Mva.nr.
: 834 210 622MVA
Kontonr.
: 3495.07.02038
Kommunenr.
: 1219
Opningstid
: 08.30 - 14.30
BØMLO KOMMUNE | Rådhuset | 5430 Bremnes | Telefon: 53 42 30 00 | postmottak@bomlo.kommune.no