Skal me bevara må me endraKorleis bør framtidas helse og omgsorgstenester i Bømlo vera? Dette har vore tema på mange møter i haust.Kommunedelplan HSO 2023-2033 har ein handlingsplan for 2023-2024 med 60 ulike punkt. Arbeidet med oppfølging av punkta er «i rute», og det er til dømes igangsett arbeid innanfor desse tema:rask psykisk helsehjelptenestetilbod til personar med demens og deira pårørandetenestetilbod til personar med utviklingshemming/-forstyrringarkapasitet, struktur og innhald i framtidas sjukeheimstilbodOver nyttår blir det i tillegg igangsett arbeid med tema friskliv/ førebygging og tilrettelegging av eigen bustad, samt ei vidareføring av arbeid med «Omsorg pluss»- tilbod. Våren 2024 vil det bli lagt fram ulike rapportar frå arbeidet.Her kan du lesa meir:God plan for å møta helseutfordringane framover- Grip sjansen til omstillingKommunedelplanar, temaplanar og strategiar - Bømlo kommune Sist endra 30.04.2024 14:34