Fokus på aldersvennleg samfunn

Eldrerådet hadde gode diskusjonar med ordførar, kommunedirektør og kommunalsjef for helse, sosial og omsorg i sitt møte i dag. Planstrategi, om sjukeheimsplassar og heimetenester, kommuneøkonomi og flyktningesituasjonen var blant tema som var oppe til debatt.

gruppe rundt møtebord - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter (t.v) og kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal møtte i Bømlo eldreråd sitt møte 29.8.2024. Simon Knutsson Sortland

Eldrerådet diskuterte og hadde innspel til meldingssaka om forslag til Planstrategi for Bømlo kommune 2024-2030. Eit hovudpunkt er at omgrepet eit aldersvennleg samfunn må få større plass i kommunale planar. Konkret peika dei på det med å bu lengst mogleg heime. Det gjeld å få fokus på tilrettelegging i eigen bustad og det å skapa bustadtun eller leilegheitar sentrumsnært i delsentra. Ordførar Morten Helland var med i byrjinga i møtet og tok med seg desse og andre synspunkt frå eldrerådsmedlemane.

Open konferanse om Bu trygt heime

Kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter deltok også i deler av møtet. Mellesdal kunne orientere om at det er planlagt ein open dag i oktober med konferanse om temaet «Bu trygt heime».

Han forklarte korleis leiinga og tenestene no jobbar detaljert med ulike driftsmodellar for drifta etter kommunestyrevedtaket om sjukeheimstilbod og heimetenester - Mandat 42 i Handlingsplanen for helse, sosial og omsorg (HSO).Leiarar, tilsette, tillitsvalde og verneombod skal involverast i dette arbeide. Det blir informasjonsmøter samla og enkeltvis med dei tilsette der ein informerer og har dialog om oppfølging av vedtak og endringar som kjem. 

Mellesdal peika på at dei tilsette sjølvsagt kan kjenne på ein utryggleik om kvar dei no skal jobba, men understrekar at ingen vert oppsagde, og at det er planlagt gode og individuelle prosessar i høve endringar som er aktuelle for den einskilde. Det jobbast også med førebuingar av detaljert informasjon til brukarar og pårørande.

Status og revisjon av handlingsplanen HSO vil samanfalla med budsjettprosessen. Arbeid med plan for vald i nære relasjonar pågår, og ein forventar at denne blir ferdig i løpet av hausten 2024. Bømlo kommune si deltaking i KS sitt nettverksarbeid for å få flyktningar i jobb vart orientert om. Kommunedirektøren understreka at Bømlo likehandsamar alle flyktningar uavhengig av nasjonalitet.

Folketalsvekst og lovlegkontroll

Aga orienterte om varsla lovlegkontroll på vedtak om nedlegging av sjukeheimsplassar som vert handsama i komande politiske møterunde neste veke. Arbeidet med å gjennomføra vedtaket vert jobba med, då dette ikkje får oppsetjande verknad. Han tok vidare opp temaet om sjukefråver, kommunen sin  økonomiske situasjon, legedekning og folketalsvekst for kommunen.