Flott sansehage ved BBH

Uansett vêr og vind kan ein no få tilbod om frisk luft i nye vakre omgjevnadar ved Bømlo bu og helsesenter. Det er laga til ein fargerik sansehage med flotte blomar, trær og bærbuskar.

fint uteområde ved institusjon - Klikk for stort bileteBru, sitjaplassar under tak og sjakk på plenen er noko av det Sansehagen byr på. Anastasiia Starzhynska

Sansehagen er tilrettelagt med godt belyste gangstier med benker strategisk plassert rundt omkring i flere soner i hagen. Her er det og lagt opp til ulike aktivitetar som ein kan kosa seg med.

Sett deg gjerne ned med ein kopp kaffi i pergolaen i ro og fred eller utfordra ein av dine til eit parti med sjakk. Det er også rom for å tenne i bålgrua uansett årstid. Det viktigste er å få kjenne gleda av alt det vakre årstidene kan tilby.

- Denne sansehagen er mogleggjort først og fremst grunna ei stor arv testamentert frå Jon Birkeland, gåver frå brukarar, pårørande og Bømlo demensforening. Bremnes kvinne- og familielag har gitt oss benker og bord. Fronta har teikna området, Steintøft har laga flotte murar og vegar, og Moster Elektro har stått for lyssettinga. Me er imponert over alle, og kan berre takka med å gi dei heider, ære og evig takksemd, sa ei rørt verksemdsleiar Monica Smedsrud på opningsdagen tidlegare i år.

Sjå heile På døra veke 37 (PDF, 3 MB)

Om prosjektet På døra

Første utgåve i haust er Sansehagen ved BBH tema i veke 37 i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

infoskriv med bilete av sansehage - Klikk for stort bileteBBH sin nye sansehage.aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender På døra 9.-15. september 2024

 


​​