- Bømlo har eit variert og sterkt næringsliv, med stor grad av nyvinning og handlingsvilje. Styrken vår er at samla har næringslivet bein i mange bransjar. Her er heile skalaen frå småbedrifter, til mellomstore og store, tunge aktørar innanfor sin bransje, enten det er havbruk, fiskeri eller maritim sektor. Det positive er at her også er mange utviklingsprosjekter på gang, som gjer mange nye arbeidsplassar, seier ordførar Morten Helland.
Kommune-NM: kommuneresultater (nho.no)
NHO sitt Kommune-NM er ei årleg rangering av dei økonomiske prestasjonane og rammevilkåra for næringslivet i norske kommunar og fylke. Kommune-NM dekkjer fem temaområde: næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi. Kommune-NM er utelukkande basert på kvantitative data henta frå offisiell statistikk. Kommune-NM omfattar tidsseriar tilbake til 2015, slik at det er mogleg å analysere utviklinga over tid på dei ulike områda.
Det er kommuneøkonomien saman med demografi og kompetanse som trekkjer ned for Bømlo kommune. Dette er likevel ei forbetring frå 2023 der kommunen vår enda på 40. plass.
Bømlo kommune på 35. plass i NHO sitt kommune-NM i 2024.Måler berekraft og vekstpotensiale
Kommune-NM måler fylka og kommunane sin økonomiske berekraft og potensiale for vekst, og ein kan slik seie at kåringa òg måler attraktiviteten for næringslivet. Kommune-NM måler ikkje politikk eller næringsvennlegheit direkte. Kommunar og fylke som blir rangerte høgt i Kommune-NM, har gjerne høg yrkesdeltaking, høg del private jobbar, ei ung og kompetent arbeidsstyrke, stor næringsvariasjon og god kommuneøkonomi.
At ein kommune eller eit fylke kjem dårlegare ut i rangeringa, tyder ikkje nødvendigvis at utviklinga innanfor kommunen eller fylket har vore negativ, men kan skuldast at andre har hatt meir positiv utvikling over tid. I Kommune-NM indekserer vi utviklinga innanfor kvar indikator både over tid og mellom kommunar. Dette gjer det mogleg å sjå på utviklinga i ein kommune eller eit fylke over tid, uavhengig av rangering. Indikatorsettet består av 19 enkeltindikatorar som er samla under fem områdeindikatorar. Datagrunnlaget er basert på offisiell statistikk frå Statistisk sentralbyrå og NAV. I totalrangeringa har kvar enkeltindikator lik vekt.