Ny Rådhuskaffi 25. oktober- Me er veldig godt nøgde med konseptet Rådhuskaffi, og sjølv om det ikkje var så mange innom i dag inviterer me igjen til kaffi og noko å bita i fredag 25. oktober, seier ordførar Morten Helland.Fredag 13. september vart den første Rådhuskaffien i regi av ordføraren arrangert i kommunestyresalen. Ordførar Morten Helland (KrF) og varaordførar Ragnfrid Sønstabø (H) hadde sett av to timar denne fredags ettermiddagen for å kome i dialog med innbyggjarane. I invitasjonen stod det at alle som hadde noko på hjarta, spørsmål om lokalpolitikk eller kommunen generelt var velkomen innom for ein kopp kaffi og noko å bita i. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter deltok også den første timen.- Det har stor verdi i å møtast og kunne snakkast i lag då dette skapar open og god dialog. Innbyggjarane er opptekne av mange ting, og å kunne setje oss ned i to timar i fred og ro i kommunestyresalen har me god tru på, seier ordførarduoen. Dei er ikkje opptekne av kor mange som kjem, og veit om fleire som hadde kome om det hadde passa i dag.Både ordførar og varaordførar set pris på desse møta med innbyggjarane, der ein møtest andlet til andlet og kan få snakka i fred og ro. Den første rådhuskaffien ordførar Morten Helland inviterte til var på fredag 13. Simon Knutsson Sortland Sist endra 13.09.2024 15:39