Søkjer servicevert til Bømlo bu og helsesenter

Vil du ha arbeid hjå oss? Det kan vere at me, i samarbeid med NAV, kan tilby varig tilrettelagt arbeid som servicevert på Bømlo bu- og helsesenter (BBH).

to sjukepleiarar klar med matservering - Klikk for stort bileteÅ servere måltider på BBH er noko sjukepleiarane og helsefagarbeidarane no ynskjer ein servicevert kan gjere i framtida. God stemning på post 1 Nord når Marlen Vorland (t.v) og Anja Nilsson serverer. Simon Knutsson Sortland

- Me søkjer personar som ikkje er i ordinært arbeid, men som kan ha kapasitet til å gjere dei oppgåvene som me treng hjelp til og der varig tilrettelagt arbeid (VTA) kan vera aktuelt, seier avdelingsleiar Leif Christian Andersen ved BBH.

Arbeidsoppgåver:

-    Dekkja bordet før måltider.
-    Laga frukost, smøra skiver etc.
-    Servera drikke. 
-    Servere middag. 
-    Ta oppvask og rydda etter måltid. 
-    Rydda på skyljerom og kjøre ned søppel etc.
-    Andre oppgåver kan også bli aktuelle.

Arbeidstid:

-    Treng personar på dagtid måndag-fredag. Her er det aktuelt med personar som kan kome kvar dag og personar som kan kome til dømes todagar i veka. 
-    Arbeidstid er i utgangspunktet mellom klokka 08.00-14.30, men det kan vere aktuelt med kortare arbeidsdag.

Tilsetjing vil skje i samarbeid med NAV. Når du deltar i varig tilrettelagt arbeid vil du behalde uføretrygda men vil få ei bonus lønn frå arbeidsgjevar. 

Sjå meir informasjon på nettsidene til NAV - Varig tilrettelagt arbeid - nav.no

Er du interessert - ta kontakt med avdelingsleiar Leif Christian Andersen

Telefon: 908 93 242

Send e-post

TØRN-prosjektet

TØRN er KS sitt program for å sjå på arbeids og organisasjonsformer i kommunane sine helse- og omsorgstenester. TØRN har to hovudprogram «Ny oppgåvedeling» og «Ny organisering av arbeidet og arbeidstid». BBH er ein del av programmet om «Ny oppgåvedeling».

BBH jobbar mot i ny oppgåvedeling:

  • Service/hotell oppgåver skal flyttast til andre (t.d servicevert)
  • Helsefagarbeidar skal bruka meir av si tid på pasientkontakt og oppfølging av pasientar.
  • Sjukepleiar skal få betre tid til det sjukepleiefaglege. 
  • Enda betre bruk av frivillige til psykososialt og aktivitet