Aktuelt

Ferietilskot til ledsager

Kommunestyret har oppretta eit feriefond der menneske med nedsett funksjonsevne kan søkja om feriestøtte til ledsager. 

For meir informasjon om ferietilskot - ta kontakt på 911 65 377.

Søknad om ferietilskot til menneske med nedsett funksjonsevne (PDF, 139 kB)

SØKNADSFRIST: 31.08.23

Retningslinjer for tilskot til følgje i samband med ferie

1. Tilskotet kan ytast til personar heimehøyrande i Bømlo som grunna funksjonsnedsetjing er avhengig av følgje for å reisa på ferie.

2. Som houvdregel vert det ikkje gjeve tilskot for nærmaste pårørande som følgje. Som nærmaste pårørande blir rekna foreldre, ektefelle og sambuar. Det skal likevel gjerast individuelle vurderingar når personen er over 18 år og foreldre er næraste pårørande. Behovet for å gje tilskot til foreldre vil vera avhengig av personen si fungering.

3. Tilskotet kan berre dekka direkte kostnader for følgjeperson, og er ikkje eit lønstilskot. Søkjar må sjølv dekka kostnadar til eigen ferie.

4. Det kan tildelast inntil kr 5. 000,- pr. person pr. år.

5. Søknaden kan sendast både før og etter ferien er avvikla.

6. Det skal leverast dokumentasjon på utgiftene.

7. Tilskotet skal lysast ut minimum ein gong i året. Fyrste gong i mai. Dersom det att midlar etter fyste tildeling skal tilskotet lysast ut på ny.

8. Tildeling skjer så lenge det er midlar i fondet. Om sum søknader er høgare enn ramma vil søkjarar som ikkje har fått tilskot før bli prioritert.

Til toppen