Recovery kurs – eit livsmeistringskurs

onsdag 19. februar 2020, 11:30 - 14:30

Informasjon

Bømlo kommune tilbyr recovery kurs, med oppstart onsdag 19. februar 2020. Tilbodet er for innbyggjarar i Bømlo kommune. Kurstilbodet er eit samarbeid mellom Rus – og psykisk helse tenesta og NAV i Bømlo kommune. Kurset vert halden av ein person med erfaringskompetanse og ein med fagkompetanse. Ein treng ikkje vera mottakar av helsetenester for å delta på kurs. Det er aktuelt for alle som ynskjer å auke sjølvbevisstheit rundt eige liv, få positivt påfyll og fremma meistring. Kurset går over 6 veker, kor det er lagt opp til samlingar onsdag og torsdag kvar veke kl. 11.30 – 14.30. Det vert enkel servering av lunsj og kaffi.

 

For meir utfyllande informasjon sjå eigen omtale.

 

Ved interesse ta kontakt med Monica Hovland skriftleg på e-post;

monica.braaten.hovland@nav.no eller på telefon 907 29 145

og du vert kontakta.  Frist for påmelding til kurs er 30. januar 2020.

 

Stad

Bømlo
 

Kontakt

NAV Bømlo
 

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering