Agnes og Einar

laurdag 11. november 2017, 20:00 - 21:30

Informasjon

Geir Ersland møter Agnes Ravatn og Einar Økland til drøs om livet på landet og om verda verkeleg er ein skandale. Kva er det som inspirerer ein forfattar busett i Valevåg? Har det noko med Valevåg å gjera i det heile? Kjenner desse forfattarane seg i slekt med dei store kanonene som har kome før dei? Blir dei inspirerte av dei? Dette er nokre av spørsmåla ein kan tenkja seg at programleiar Geir Ersland vil få svar på under samtalen 11. november. Arrangementet er det første i rekkja av reine littertaur-kveldar i kulturhuset, i kjølvatnet av Jazz & bok-kveldane. Denne gongen er arrangementet eit samarbeidsprosjekt mellom Bømlo folkebibliotek, Bømlo kulturhus og Falturiltu-festivalen. Agnes Ravatn sin andre roman Fugletribunalet (2013) hausta gode kritikkar og vann både P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen 2013. Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, og ho er kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit. Agnes Ravatn si siste bok heiter «Verda er ein skandale. Ei bok om livet på landet» og handlar mykje om naboen Einar Økland. Einar Økland er ein av dei mest allsidige og originale forfattarane i norsk litteratur. Han har sidan debuten i 1963 gitt ut nærmare 80 bøker innanfor dei fleste sjangrar og motteke ei lang rekkje prisar, m.a. Doblougprisen i 2000 og Gyldendalprisen i 2006. Økland er frå Valevåg i Sveio, og er utdanna psykolog. Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 og har seinare følgt opp med romanar, skodespel, essay og barnebøker. Han er sannsynlegvis den einaste norske forfattaren som bur i ein veg kalla opp etter seg sjølv: Einar Øklands veg. Programleiar Geir Ersland er førsteamanuensis i fysikk ved Universitetet i Bergen, utøvande både som forskar og førelesar. På fritida er han utøvande i kunstfeltet, det vera seg som skodespelar, underhaldar, diktlesar og -forfattar. Han er også ein aktiv bakmann i kulturlivet på Bømlo som primus motor og arrangør for t.d. Melkevikfestivalen og Lykling vise- og lyrikklubb. Sjå elles Falturiltu-festivalen sitt rikhaldige program.

Pris vaksen: 150

Stad

Bømlo kulturhus – Caféen
 

Kontakt

Bømlo kulturhus
Kulturhusvegen 20,  5430 Bremnes

Tlf.: 53423500

E-post: post@bomlokulturhus.no

(Nettside): http://bomlokulturhus.no

Ansvarleg

Hanne Jacobsen
 

Tlf.: 53423500

E-post: hanne@bomlokulturhus.no

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering