Trollmannen frå Oz – Riksteatret

laurdag 17. mars 2018, 17:00 - 19:00

Informasjon

Bli med til den andre sida – Somewhere Over the Rainbow! Me har alle høyrt om Dorothy – den vesle jenta som blir virvla opp av ein tornado og blir feia avgarde til trolldomslandet på den andre sida av regnbogen! Undervegs til Smaragdbyen og Trollmannen møter ho tre underlege fyrar – Blikkmann, som så inderleg ønskjer seg eit hjarta, Fugleskremselet, som så gjerne vil ha ein hjerne å tenkja med, og den livredde Løva, som håpar han ein dag skal bli modig, han òg. Men først når dei har fått has på Den vonde heksa finn dei det dei eigentleg leitar etter – trua på seg sjølv, og trua på andre. Og då finn Dorothy også veien heim! Det er gått mange år sidan sist Riksteatret sette opp ein skikkeleg musikal. No skal dei endeleg gjera det igjen. Og då har me like godt vald oss ein av dei verkeleg store klassikarane: Trollmannen frå Oz. Det er jo ingenting som på samme måten samlar eit publikum på tvers av generasjonane som musikkteatret. Som Dorothy får du møta den nye stjerna Mari Lerberg Fossum. Ho har tidlegare gjort suksess både som Sophie i Mamma Mia og Belle i Skjønnheten og udyret. Og regien er ved multitalentet Alan Lucien Øyen, som gjennom dei seinaste årene har vunnet seg et stadig større navn, også langt utenfor landets grenser. I ham har norsk teater fått seg en ny trollmann, og han lover oss en fargerik og frodig og livsglad forestilling, for et eventyrlystent publikum i alle aldre! Pressa meinar: "Et nydelig stykke trolldom fra Oz (...) en aldri så liten genistrek (...) snakker til absolutt alle generasjoner (...) en fantastisk fargerik musikal" Aftenposten (6) "Magisk (...) både barn og voksne vil like dette" NRK "Familieteater med hjerte, hjerne og mot" Dagbladet (5) "En strålende Dorothy (..) Fossums rolletolkning står ikke tilbake for Judy Garlands" Dagsavisen (5) "Riksteatret vil helt klart får nye barnlige tilhengere av regnbuen med denne frodige oppsetningen." VG Passar for alle generasjonar! (born frå 5 år) Premiere i Nydalen, Oslo 18. januar Turnépremiere på Hamar 25. januar På scenen Caroline Glomnes, Anne Bolette Stang Eng, Mari Lerberg Fossum, Stig-Werner Moe, Jørn Morstad, Sebastian Skytterud Myers, Thomas Jørstad Pettersen, Eirik Risholm Velle, Kay Werner Hartvigsen, Magnhild Skomedal Torvanger, Bjørge Verbaan og Martin Wister. Team Regissør og koreograf: Alan Lucien Øyen. Scenograf: Leiko Fuseya. Kostymedesigner: Stine Sjøgren. Musikalsk ansvarlig: Per Christian Revholt. Lysdesigner: Martin Flack. Lyddesigner: Lars R Årdal. Repetitør og noteskriver: Ket Iren Lødemel Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause) Produsert av Riksteatret

Pris vaksen: 240

Stad

Bømlo kulturhus
 

Kontakt

Bømlo kulturhus
Kulturhusvegen 20,  5430 Bremnes

Tlf.: 53423500

E-post: post@bomlokulturhus.no

(Nettside): http://bomlokulturhus.no

Ansvarleg

Hanne Jacobsen
 

Tlf.: 53423500

E-post: hanne@bomlokulturhus.no

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering