Riksteatret: Georgs magiske medisin

måndag 25. februar 2019, 18:00 - 20:00

Informasjon

Passe rampete teater for hele familien. Også for bestemødre, hvis de tør! Georg si bestemor er ikkje som andre søte og snille bestemødre. Ho er nifs og syt og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg. Georg vil gje henne ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil senda henne gjennom taket… Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uuttømmeleg fantasi. Han var alltid på barna si side, og let aldri ein sjanse gå frå seg til å sparka dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøssa. Og verta litt skremde (i alle fall ei lita stund heilt til alt vert bra att). Og så le endå meir. Hans utrulege historier har gitt stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengjande barneførestellingar. Når Riksteatret tek Georgs magiske medisin til scenen, engasjerer me regissør og dramatikar Morten Joachim, som også sette opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei førestelling med mykje musikk og magi, som involverer borna og tek ungar sin fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setja alt på hovudet og slå seg laus på borna sine vegne – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd. /// Passar for born frå 5 år. På scenen Ellen Andreassen, Ulla Marie Broch, Espen Mauno, Kristian Winther og Andreas Bratlie. Team Dramatiker, regissør: Morten Joachim. Kostymedesigner, scenograf: Gjermund Andresen. Lysdesigner: Øystein Heitmann. Komponist: Gunnar Eiriksson. Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen Framsyningslengd: 2 timar (inkludert pause) Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater

Pris vaksen: 240

Stad

Bømlo kulturhus
 

Kontakt

Bømlo kulturhus
Kulturhusvegen 20,  5430 Bremnes

Tlf.: 53423500

E-post: post@bomlokulturhus.no

(Nettside): http://bomlokulturhus.no

Ansvarleg

Hans-Olav Molde
 

Tlf.: 97744816

E-post: hansolav@bomlokulturhus.no

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering