The Cop and The Captain

laurdag 10. november 2018, 19:00 - 20:30

Informasjon

Captain Frodo er ein internasjonal artist som for tida har base i Australia. Frodo har tidlegare vore fast underhaldar i Las Vegas, London, Danmark mm. No reiser han rundt på ulike festivalar og arrangement i heile verda og opptrer med si spesielle form for underholdning. Showet er basert på humor, med ei blanding av magi og ekstrem kropps-akrobatikk. Captain Frodo har vore underhaldar heile livet, og er profesjonell til fingerspissane. Vidar Hansen er tidlegare politimann, og har vore profesjonell underhaldar i 5 år. Han er den einaste profesjonelle tankelesaren i Noreg. Showet til Vidar Hansen er ei blanding av humor og tankelesing. Vidar Hansen brukar psykologi, tyding av kroppsspråk og intuisjon til å laga ein illusjon av ein sjette sans. Han vert omtala som Noregs svar på Sherlock Holmes og har ei ekstrem evne til raskt å tyda om folk lyg, eller kva dei tenkjer på. Showet hans er bygd opp saman med ein av Canadas mest anerkjende tankelesarar, samt tekstar som er skrive av mellom andre Noregs leiande stand-up-komikarar. Vidar Hansen har sin eigen TV-serie på TV2 Livsstil som heiter "Den nakne sannhet". Captain Frodo og Vidar Hansen er frå Haugesund. I 2015 var Vidar i London og såg showet til Captain Frodo. Etter showet diskuterte dei sjansane for å setja opp eit show saman. Dette resulterte i det unike showet "The Cop and The Captain". I november 2017 sette dei opp showet på Festiviteten i Haugesund. Showet vart utseld og var ein umiddelbar suksess, og det vart re-booka igjen til same stad i 2018. I tillegg vart det bestemt å laga ein turné på fleire spelestader i Noreg i år. Den spesielle blandinga av Vidar Hansen og Captain Frodo gjer showet heilt unikt. Det er humoristisk, involverande og spanande for publikum i alle aldrar. Tilbakemeldingane frå showet i Haugesund har vore fantastiske, og me ser fram til å vise showet til eit breiare publikum i 2018.

Pris vaksen: 360

Stad

Bømlo kulturhus
 

Kontakt

Bømlo kulturhus
Kulturhusvegen 20,  5430 Bremnes

Tlf.: 53423500

E-post: post@bomlokulturhus.no

(Nettside): http://bomlokulturhus.no

Ansvarleg

Hanne Jacobsen
 

Tlf.: 53423500

E-post: hanne@bomlokulturhus.no

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering