Babyteater: På havets bunn

fredag 19. oktober 2018, 11:00 - 11:30

Informasjon

Riksteatret inviterer til babyteater midt på dagen. «På havets bunn» er ei lita perle av ei førestelling for dei aller, aller minste – der borna vert med på ei magisk oppdagingsreise under vatn med musikk, røyrsle og dei vakraste figurane frå havets botn. Glinsande fiskestimar stryk forbi, medan maneten duvar sakte i straumen. Ein sjenert eremittkreps vågar seg fram frå sin gjøymestad, og kamskjellet vaktar sin løyndom. Og kven veit, kanskje finnest det fleire skattar på havets botn? Velkomne skal de vera, alle småfolk! Framsyninga vert spelt på dagtid og er spesiallaga for dei aller minste borna frå 0 til 5 år. — PÅ SCENEN Thea Elisabeth Skallevold TEAM Dokkedesign og scenografi: Håvard Steensen. Kostymedesign: Torill Skallevold. Musikk: Johannes Skyberg. Lysdesign: Oscar Udbye — Arrangementet i Bømlo kulturhus er støtta av Bremnes Seashore.

Pris vaksen: 110

Stad

Bømlo kulturhus
 

Kontakt

Bømlo kulturhus
Kulturhusvegen 20,  5430 Bremnes

Tlf.: 53423500

E-post: post@bomlokulturhus.no

(Nettside): http://bomlokulturhus.no

Ansvarleg

Hanne Jacobsen
 

Tlf.: 53423500

E-post: hanne@bomlokulturhus.no

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering