Konsert med Vamp

søndag 28. oktober 2018, 19:00 - 20:40

Informasjon

I år er det 25 år sidan Vamp kom ut med sitt aller første album, ”God morgen søster”. Vamp sin velkjende song Tirn’a Noir er frå dette albumet. Dei starta samarbeidet med lyrikaren Kolbein Falkeid i 1991 og allereie året etter fekk dei platekontrakt. Tirn’a Noir vart sleppt som singel og starta eventyret for alvor. Vamp snappa sin første Spellemann føre ringrevane Bjørn Eidsvåg og Jan Eggum med sitt første album. I dag tilhøyrer Vamp eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela. Som vêret på Vestlandet er dei fulle av kontrastar; frå det valdsame og dramatiske til det lune og inderlege. Dei har seld plater i bøtter og spann og hausta mykje heider og ære , m.a. 5 Spellemann-prisar og Prøysenprisen. Seinast i fjor haust tok dei imot Medaasprisen 2017. Hausten 2017 kom også deira siste album ”La la la”, som fekk strålande kritikkar. Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei kan ausa av på konsertane sine. Det er berre å gle seg! Vamp består av: Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel Jan Toft: vokal, gitar Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel Bjørn Berge: gitarar, banjo, vokal Kjetil Dalland: bass, kor Lars Eirik Støle: orgel, trekkspel kor

Pris vaksen: 485

Stad

Bømlo kulturhus
 

Kontakt

Bømlo kulturhus
Kulturhusvegen 20,  5430 Bremnes

Tlf.: 53423500

E-post: post@bomlokulturhus.no

(Nettside): http://bomlokulturhus.no

Ansvarleg

Hanne Jacobsen
 

Tlf.: 53423500

E-post: hanne@bomlokulturhus.no

Legg til hendinga i din kalender
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering