Bjørnis brannførebyggjar

Bjørnis hadde ein travel dag på jobb fredag med besøk av både 3. klassingar frå Moster skule og deltakarar ved Bømlo vaksenopplæring.

Omlag 15 deltakarar frå Bømlo vaksenopplæring nytta fredag føremiddag til å læra om brannvernet og brannførebyggjing. Dei vart varmt tekne imot av brannsjef Ove Halleraker, brannførebyggjarlærling Dina Ovidia Karlsenog brannførebyggjar og -konstabel Lena Aakre Aarland. Saman med lærarane Kristi Staveland Sæther og Steinar Bortne fekk dei informasjon om brannkonstabelyrket, arbeidsoppgåvene til Bømlo brann og redning, brannvarslarar, sløkkjeapparat og husbrannslangar og om naudnummera i Noreg med meire. 

Dei fekk og informasjon om kva ansvar utleigar og leigetakar har i eit husleigeforhold, og mange nyttige brannverntips. Etterpå var det høve til å ta selfies med Bjørnis og omvisning på den nye brannstasjonen. Tolkane Othman Edrees og Alena Voitava oversette til ukrainsk og arabisk.

Bjørnis hadde det veldig travelt. Han måtte helsa på 3. klassingar frå Moster skule og lot dei få kome inn på kontoret sitt. Liten plass, men kor det er hjarterom er det rom. Beredskapsleiar Frode Sagvaag og avdelingsleiar brannførebyggjande Bjørn Hroar Sortland tok seg av denne biten.

Til toppen