Bli med i frivilligheita

Å gjera noko for andre gjer noko med deg.

Kva er frivilligheit?

Det finst 100 000 lag og foreiningar i Noreg, og dei driv med alt frå idrett til humanitært arbeid til kultur til lokalsamfunnsarbeid. Dei aller fleste av desse organisasjonane er drivne av frivillig innsats frå engasjerte folk som ønskjer å gjera noko med hjartesaka si.

Kvifor bli frivillig?

Det å vera frivillig gjer òg veldig mykje for deg. Å vera frivillig gjer deg aktiv, gir livskvalitet, sosialt nettverk og ei moglegheit til å vera nyttig og gjera ein forskjell. I tillegg gir det organisasjonane masse god og viktig kompetanse og erfaring!

Fakta om Frivillig.no: 

Frivillig.no er ei nettside som blir driven av Frivillighet Norge som representerer over 350 frivillige organisasjonar. Akkurat no finn du over 3000 moglegheiter for å vera med som
frivillig over heile landet. 

Har du spørsmål kan du senda oss ein e-post på kontakt@frivillig.no

På døra veke 11 - Frivilligheita (PDF, 2 MB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 11 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er frivilligheita. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS held Bømlo kommune fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor fram til medio juni i år. Me testar ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.