Budsjettframlegga kjem i kommunestyret
Formannskapet realitetshandsama ikkje årsbudsjettet 2025 i påvente av framlegg til skulebruksplanen som kommunestyret skal endeleg vedta 2. desember. Partia varsla at dei vil leggje fram sine alternative budsjettframlegg i samband med kommunestyret sitt budsjettmøte 9. desember.
Formannskapet vedtok kommunedirektøren sitt framlegg til årsbudsjett 2025 med 6 mot tre røyster (FrP, Sp, INP). Dei vedtok samrøystes ein garanti på låneopptak for Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS på 50 millionar kroner. Gebyra for 2025 for vatn og avlaup, renovasjon, slam og tekniske tenester vart samrøystes vedteke i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg. Det same gjeld årsavgift for feiing og tilsyn. Dette vart dermed formannskapet si innstilling til kommunestyret.
Møteinnkalling og protokoll formannskapet 21.11.2024
Sist endra 21.11.2024 12:16