- Eit meiningsfullt valfag

Innsats for andre er eit valfag på Bremnes ungdomsskule. I påsken hadde to av elevane her ansvaret for Påskebingoen på Bømlo bu og helsesenter.

bingo på institusjon for eldre - Klikk for stort biletePopulær påskebingo på Bømlo bu og helsesenter der Anja Helen Halleråker (15 år) og Selma Vedøy Ervik (16 år) frå valfaget Innsats for andre sveivar bingokulene. Simon Knutsson Sortland

Anja Helen Halleråker (15 år) og Selma Vedøy Ervik (16 år) sveivar bingokulene, trekkjer ut og les opp tala.  Nummer 30. Tre-null, seier Selma og ein av bebuarane kan jubla ut BINGO!

Vil gjere noko bra for andre

- Eg valgte dette valfaget fordi eg ville gjera noko bra for andre, seier Selma. Me får også god erfaring me kan ta med oss ut i arbeidslivet, legg Anja Helen til.

Men det er meir enn bingo dei arrangerer og hjelper til med. Dei fortel dei er med på mykje forskjellig som å gå turar både ute og inne med bebuarane, spelar spel med dei, høyrer på musikk saman og har gode samtalar.

- Dei eldre set veldig pris på at me kjem og likar å høyra om kva me gjer på fritida vår og snakka om deira liv, fortel Anja Helen.

- Eg syns det har vore kjekt å vere på sjukeheimen med bebuarane. Dei er hyggelige og kjekke å snakka med. Så dette trur eg fleire hadde likt, og burde gjort, meiner Selma Vedøy Ervik.

- Eg vil anbefale dette til andre. Det er veldig kjekt og du får erfaringar som kan hjelpa deg seinare i livet, seier Anja Helen Halleråker.

Til toppen