Det er lurt å skaffa seg ein beredskapsven.
DSB
Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Målet med Eigenberedskapsveka er å auka medvitet og kunnskapen om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjera både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtera kriser og hendingar som kan oppstå – til dømes langvarige straumbrot, som fleire nyleg opplevde under ekstremvêret Amy.
Skaff deg ein beredskapsven
Alle treng ikkje gjera alt åleine. Det kan vera lurt å samarbeida med vener, familie eller naboar om eigenberedskap.
Snakk gjerne med dei rundt deg om korleis de kan klara dykk saman viss straumen, eller internett og mobilnett, vert borte. Det er til dømes lurt å ha ein plan for å halda varmen.
Dette kan beredskapsvener hjelpa kvarandre med:
- førstehjelp ved skadar
- omsorg og støtte
- opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
- omsetjing og forklaring av informasjon frå styresmaktene
- praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
- innkjøp, bering og transport
- byte eller bytelån av utstyr og varer
- lån av mobiltelefon som er kopla til eit anna nett enn ditt
- felles matlaging
På https://www.dsb.no/egenberedskap finn du mange gode tips om korleis du kan styrka eigenberedskapen din
I kulturhuset vil du finna mykje god informasjon om eigenberedskap i kampanjeveka. På Bømlo kommune sine nettsider finn du mykje god informasjon om:
Må du salta fisk og kjøt?
Nytt i år er at det m.a. er laga info om korleis salta fisk og kjøt. Dette er kunnskap som sannsynlegvis er på veg ut, men nyttig dersom straumen er lenge vekke.
NB: Det er lett å gløyma at du kan ha behov for medisiner i beredskapslageret ditt.
Tips om dette og mykje anna informasjon finn du på sikkerhverdag.no
Korleis er det med den psykiske beredskapen?
Kva gjer me når livet plutseleg endrar seg? Korleis står me støtt når uvisse veks rundt oss? Årets kampanjetema for Verdensdagen for psykisk helse er psykisk beredskap.
Psykisk beredskap handlar om korleis me handterer kriser, endringar og langvarig belastning – både som enkeltmenneske og som samfunn. Målet med årets kampanje er å auka medvitet om kva som gjer oss meir robuste, og inspirera til konkrete tiltak i arbeidslivet, skulen, nærmiljøet og kvardagen.
Bidra til eigenberedskapen i Noreg.
DSB
Fakta om Eigenberedskapsveka 2025
- Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
- Målet er å auka kunnskapen og medvitet i befolkninga, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klara seg sjølv i éi veke.
- Veka er initiert av DSB, men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.
- Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsven.