Formannskapet innstiller på kutt

- Kommunedirektøren har teikna eit klårt bilete av stoda og me må gjere tøffe prioiriteringar no. Dette går ikkje over. Heile kommune-Norge går inn i store endringar og dette vil utfordra strukturen vår, understreka ordførar Morten Helland. 

Formannskapet får budsjettorientering av kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. - Klikk for stort bileteFormannskapet får budsjettorientering av kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Simon Knutsson Sortland

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte formannskapet om den økonomiske stoda i kommunen og la som venta fram drastiske tiltak til budsjettrevisjon for 1. halvår 2024.  Han understreka at føreslegne budsjettiltak ikkje handlar om korleis tenestene vert utført.

Formannskapet gjorde slik samrøystes innstilling til kommunestyret for budsjettrevisjon første halvår 2024 i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg:

1. Kommunestyret vedtek følgjande budsjettendringar i driftsbudsjettet (1000 kroner)

  • Auka skatteinntekter 3 500
  • Redusert havbruksinntekter -5 700
  • Auka rentekostnader/redusert renteinntekt -3 000
  • Reduserte eigedomsskatteinntekter -1 000
  • Disponere avsette midlar vertskommune asyl 1 500
  • Sentrale styringsorgan redusert ramme 1 100
  • Redusert ramme samfunnsutvikling 1 900
  • Oppvekst redusert del av introduksjonsstønad 700

2. Kommunestyret godkjenner budsjettreduksjonane i oppvekst, kultur og idrett med kr 3 040 000.  Kr 2 340 000 av innsparte midlar kan behaldast i seksjonen for å dempe venta meirforbruk. Kommunedirektøren får mandat til å setje i gong ein prosess tidleg hausten 2024 for å greie ut aktuelle endringar i skulestruktur. 
3. Kommunestyret godkjenner tiltaka innan helse, sosial og omsorg på kr 1 800 000.  Innsparte midlar kan behaldast i seksjonen for å dempe venta meirforbruk.

Tilleggsforslag frå Arbeidarpartiet: 

  • Reduksjon varaordførar frå 60 til 20 prosent (ikkje vedteke mot 4 røyster)
  • Kommunedirektøren ser på ei løysing for kantinedrift på rådhuset  etter sjølvkostprinsippet (samrøystes)


Tilleggsforslag frå INP: 

  • 10 prosent nedtrekk alle politikargodtgjerdsler  (ikkje vedteke mot 3 røyster)
     

Møteinnkalling og saksliste formannskapsmøte 6.5.2024

Til toppen