Fulltidsstillingar og organisering i helsetenestene

Utval for levekår hadde ingen politiske saker på dagsorden 1. oktober, men fekk fleire orienteringar om prosjekt og stoda innan helse- og skulesektoren i Bømlo kommune.

mann orienterer ved storskjerm føre forsamling i møterom - Klikk for stort bileteAvdelingsleiar Leif Christian Andersen ved BBH orienterer utval for levekår om TØRN-prosjektet i KS om korleis jobba med effektiv oppgåvedeling og fulltidsproblematikken i helsesektoren. Simon Knutsson Sortland

Først ute var avdelingsleiar Leif Christian Andersen ved Bømlo bu- og helsesenter som orienterte om KS-prosjektet TØRN. Det skal sjå på kommunane sine arbeids- og organisasjonsformer i kommunane sine helse- og omsorgstenester.

Prosjektarbeidet i Bømlo starta opp i 2021 for å sjå på betre og rett bruk av kompetanset til rett tid. Eit mål er å redusera ufriviljug deltid og å auka heiltidsstillingar. Eit resultat var mellom anna å prøva ut servicevertar ved BBH, og dei har laga rapporten “Oppgåvedeling i sjukeheim”.

Andersen orienterte om korleis dei ser for seg nye oppgåvedelingar, mellom anna god oppgåvedeling mellom sjukepleiar, helsefag, assistent og eventuelt servicevert. Vidare ei friviljug utprøving av langvaktturnus. Eit mål er å få på plass ein servicevertfunksjon i samarbeid med NAV - Heilt med.

Omfangsrik teneste

Verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta (BFT) orienterte om ordninga TIBIR. Dette er rådgjeving til foreldre med barn i alderen 3-12 år, som har eller står i fare for å utvikle samspels- og åtferdsvanskar. Ho opplyste også at det i løpet av hausten/vinteren vert sett over 5000 vaksinar gjennom helsestasjonen. 

BFT har mange og varierte oppgåver både innan oppvekst og helse, også migrasjonshelse knytt til flyktningar. Denne tenesta har også merka innsparingar gjennom reduserte årsverk. Hellen meiner at ei samlokalisering av tenestene vil gi betre effekt og utnytting av kompetansen i tenesta.

Det vart påpeika at nedtrekk og opptrekk av ulike tenester, til dømes med omsyn til tal flyktningar, har både ei inntekts- og utgiftsside for kommunen. Å behalda kompetansen i organisasjonen i desse periodane vert viktig, då kommunen ikkje alltid kan klara å omstilla seg like raskt som sentrale mynde legg opp til. 

Møteinnkalling, saksliste og protokoll Utval for levekår 01.10.2024

Etter møtet hadde utvalet som styringsgruppe for skulebruksplanen ein gjennomgang av kommunedirektøren sitt framlegg til skulebruksplan. Sjå tidslinje skulebruksplan 2024

NB: Det blir stort felles informasjonsmøte i kommunestyresalen torsdag 3. oktober kl. 20.00. 

Til toppen