Moster kyrkje på Eikeland feirar 150 år i 2024.Bømlo kommune ved ordførar Morten Helland stiller seg i gratulasjonskøen for å feira bygget som vart reist i 1874. Arkitekten for det staselege bygget med omlag 200 sitjeplassar er Peder Andreas Blix.
Under følgjer omtalen på sida til Bømlo kyrkjelege fellesråd:
Rundt 1860 byrja ein å snakka om å byggja ei ny kyrkje på Moster. Den gamle var for trong, ja - i periodar var det nødvendig å ha dørvakter for å passa på at utanbygdsfolk ikkje slapp inn før dei fastbuande på Bømlo var på plass.
Det var store diskusjonar om kvar den nye kyrkja skulle plasserast. Svært mange meinte at kyrkja måtte stå så nær den gamle kyrkja som mogleg. Etter ei tid vende dei seg til departementet for at dei skulle ta ei avgjerd om plasseringa. Dei returnerte eit kart med eit kryss om lag det som skulle vera midtpunktet i soknet. Akkurat der, som var Tungeneset, var ikkje ein høveleg plass, og til slutt enda dei opp på Eikeland. Her var det kort veg frå sjøen, og i dei tider kom dei fleste kyrkjefolka sjøvegen.
Den nye kyrkja på Moster vart bygd i 1874, og er ei trekyrkje. Ein del av inventaret frå den gamle kyrkja vart teke med til den nye kyrkja, men dette er no sett attende. Då den nye kyrkja var ferdigstilt, vart Moster gamle kyrkje seld til "Foreningen for Norske Fortidsminnemerkers bevarelse".
Då kyrkja hadde 100-årsjubileum i 1974 vart det gjort ein del restaureringsarbeid. Her kan nemnast måling innvendig og inventaret, våpenhuset vart utbygd med plass for toalett og ny trapp.
Nytt kyrkjeorgel
– Orgelet er viktig for kyrkjelivet. Det understrekar innhaldet i rommet, anten det er glede eller sorg, - ja, i alle fasar i livet. Musikken og orgelet er med på å forsterke det ein kjenner på, sa Torleiv Fylkesnes i Bømlo kyrkjeleg fellesråd. Orgelbyggjar Nils Günter Torkildsen overleverte orgelnøkkelen til kyrkjeverje Trygve Leigland som deretter gav den vidare til soknerådsleiar i Moster kyrkje Rune Sivertsen under den offisielle innviinga Kristi Himmelfartsdag 9. mai 2024, stod det i Bømlo-nytt dagen etter.
Moster sokneråd har også gitt ut ei jubileumsbok. «Moster kyrkje 1874–2024 - Ei trygg hamn» er tittelen på jubileumsboka som vart lansert 19. oktober i år. Boka fortel om kyrkja si historie gjennom 150 år, frå før den blei bygd, til der den står i dag på Eikeland. Boka med Randi Olsen som redaktør fortel mellom anna historia bak byggjinga av kyrkja, sokneprestane i gamle og nyare tider, om dei ulike renoveringane den både har vore og er i gjennom i dag. Den går også i djupna på ulike detaljar om kyrkja, kyrkja si rolla i det lokale samfunnet, misjonsarbeidet på Moster, pluss ein del historiske bilete og stoff frå kyrkja, melde Bømlo-nytt.
Helsing frå ordføraren
- Bømlo kommune ynskjer Moster kyrkje til lukke med 150 årsjubileet. Kyrkja er eit viktig samlingspunkt for bygdafolket i små og store gleder og sorger, ein tradisjonsberar for vår kristne kulturarv og eit symbol på eit sterkt fellesskap. Me gratulearar bygdafolket på Moster, Moster sokneråd og Bømlo kyrkjeleg fellesråd med jubileet, helsar ordførar Morten Helland.