Hiskabrua nattestengt i veke 21

Hiskabrua vert stengd nattestid frå kl. 22.00 til kl. 06.00 neste veke med oppstart tysdag 21. mai grunna overflatebehandling av toppdekket.

vegskilt ved bru - Klikk for stort bileteHiskabrua er stengt i veke 21. Stein Erik Lyslo

Mesta AS skal sluttføre arbeidet med Hiskabrua med oppstart tysdag morgon 21. mai. Betongdekket i vegbanen skal overflatebehandlast og treng tid til herding.

Til toppen