Hugs å sjekke røykvarslaren 1. desember

Desember er høgsesong for bustadbrannar - så hugs å sjekke røykvarslaren. Røykvarslardagen 1. desember er ei viktig påminning om å ta brannsikkerheita på alvor når vi no går inn i ein tid på året der det tradisjonelt brenn meir enn elles.

brannmann slokker husbrann - Klikk for stort bileteBrannkonstabel under slokking av husbrann. Ove Halleraker

– Her i vårt nedslagsområde rykka brannvesenet ut til åtte bustadbrannar i fjor. Dei siste fem åra har det vore til saman 40 slike utrykkingar, seier avdelingsleiar for brannførebygging Bjørn Hroar Sortland i Bømlo brann og redning.

Røykvarslardagen 

Røykvarslardagen er ein landsomfattande kampanje som går fast av stabelen 1. desember kvart år. Det er Brannvernforeningen, DSB og Gjensidige forsikring som står bak kampanjen sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale El-tilsyn) som bidrar til å setje fokus på denne viktige bodskapen.

– Om røykvarslarane fungerer slik dei skal, så må dei høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, òg når døra mellom romma er lukka. Alle må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Dei fleste har fleire varslarar, og då tilrår me at dei er seriekopla slik at om éin piper, så piper alle. I tillegg til 1. desember, bør du testa røykvarslarane dine jamleg, samt etter at du har vore borte i ei veke eller meir, seier Sortland.

Ta ansvar for dine nærmaste                           

 Brannstatistikken viser at det er nokre risikoutsette grupper som er meir utsette og sårbare om ein brann inntreff. Det er blant anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne.

– Mange av desse vil ha vanskeleg for å sjekke røykvarslaren(e) sjølve, og vi oppfordrar difor alle som har moglegheit til å hjelpe dei ein kjenner som kan tenkjast å slite med dette, seier Sortland. 

Nyttig informasjon om tiltak som betrar brannsikkerheita i heimen.

Røykvarslarar og brannsikkerheit

-    Har du nok røykvarslarar? Ein undersøking frå Ipsos viser at 5 prosent av befolkninga ikkje har, eller er usikre på om dei har, røykvarslar. Det svarar til opptil 200 000 personar.
-    Kvifor røykvarslar? Røykvarslaren er heimens viktigaste livreddar, og ein enkel måte å auke brannsikkerheita på.
-    Krav til røykvarslar: Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen må kunne høyrast tydeleg i opphaldsrom og soverom, òg når dørene mellom romma er lukka.
-    Plassering av røykvarslar: På høgaste punkt i taket, og minst ei halvmeter ut frå veggen
-    Levetid og godkjenning: Røykvarslarar bør bytast ut etter 8-10 år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida. Forhandlarar er ansvarlege for at røykvarslarane som seljast er produsert i samsvar med regelverket. Sjekk at varslaren er CE-merka.
-    Bruk seriekopling: Seriekopla røykvarslarar sikrar at alle varslar samstundes i heile bustaden.
-    Røykvarslarar er EE-avfall: Gamle og brukte røykvarslarar skal ikkje kastast i søpla, men kan leverast gratis til forhandlarar og til din lokale gjenvinningsstasjon.
Kontakt 
Bjørn Hroar Sortland, avdelingsleiar brannførebygging
Tlf.: 917 14 199
Send e-post  


 

Til toppen